92 millionar kroner til skogsvegar i statsbudsjettet

NPK-NTB: Regjeringa ønsker å gi eit tilskot på 92 millionar kroner til norske skogsvegar. Dermed fortset regjeringa satsinga på skog.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å sette av 92 millionar kroner til skogsvegar, og ei tilsagnsfullmakt på 95 millionar kroner til bygging og utbetring av skogsvegar og tømmerkaiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette gir vesentleg reduserte transportkostnader og betre konkurranseevne i skogog trenæringa. Det gir grunnlag for sysselsetting og verdiskaping langs kysten og i distrikta. Samtidig bind skogen CO2, og tre er eit klimaog miljøvennleg alternativ til fossile råstoff, seier landbruksog matminister Jon Georg Dale.

Dermed fortset regjeringa satsinga på skogsvegar. I fjor vart tilskota til skogsvegar auka med 29 millionar kroner.