Harald og Gunn Aasland i samband med at Harald gav Pensjonistlaget ei bilderekke på heile 18 teikningar, opphengt på Eldresenteret/Trevet.
Harald og Gunn Aasland i samband med at Harald gav Pensjonistlaget ei bilderekke på heile 18 teikningar, opphengt på Eldresenteret/Trevet.

Referat

Det blei eit anna jolemøte tysdag den 6. desember enn tradisjonen har vori, då det blei graut istadenfor den vanlege jolemiddagen, dette på grunn av at det ikkje lenger er nokon til å drifte kjøkenet på Vinjehuset. Men det blei mange som takka hjarteleg for årets jolemiddag, rjomegraut og risgraut med spekemat m.m., så dette kan kanskje bli den framtidige jolemiddagen …

Vi var rundt 60 til bords då Tor kunne ynskja velkomen og Liv dro igang opningssongen. Så var det Teater Ibsen med forestillinga Erik Bye, mannen med det store hjartet, eit program som tok for seg Erik Bye i ord og tonar, der mange nikka kjennande til fleire av desse kjende og kjære songane, ein fin og minnerik forestilling. Seinare fekk Arnfinn Øverland og hans mannskap koma til, vidare Svein Prest med ord til jolefeiringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men nå var tida komen for dagens jolemiddag, jolegraut i fleire variantar, men der det gjekk mest på rjomegrauten, alt med spekemat og heimlaga flatbraud og etterpå kaker, kling og kaffe.

Og etter godt måltid med mat, er det trong for ein dans eller to-tre, der mange fekk svinga seg etter kjende tonar frå Øverlands kvartett, mens andre fekk ein hyggeleg prat ved bordet.

Men tradisjonen tro, ingen pensjonistmøter utan lotteri, og her var det mange gevinstar så det blei mest ein til kvar så loddsalet gjekk strykande, ingen fleire lodd att!

Kvelden vert avslutta med loddtrekning og leiars takk for i kveld og dette året, før han kunne ynskje alle ei God jol og velkomen i det nye året, og minna om årsmøte 24. januar.

Tekst og foto v/Signe og Tor