Gjett om Halvor Mæland (2,5) frå Flatdal blei gira då han kom over det som låg i ein pappask han oppdaga.
Gjett om Halvor Mæland (2,5) frå Flatdal blei gira då han kom over det som låg i ein pappask han oppdaga.

1 000 fleire besøkte Vårmarknaden

Fredag og laurdag var totalt 5 100 personar innom Vårmarknaden i Seljord, og det er nesten 1 000 fleire enn i fjor. På veteranbilutstillinga kom det 140 køyretøy.

Det er fredag ettermiddag på Dyrskuplassen i Seljord. Nissedølen Berit Grønås ser fornøgd ut der ho går mellom salsbodene. Ho har alt sikra seg nokon små porselensfigurar på Vårmarknaden.

– Eg har mani på slike figurar og trur eg har kjøpt fem–seks av dei i dag, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor mange porselensfigurar har du heime på Fjone?

Det blir stille ei stund.

– I alle fall ti, svarar ho med eit smil, slik at ein forstår talet nok er høgare enn som så.

Jan Lauritsen frå Porsgrunn er gira på å selje modellbilar. Hagbarth Hansen frå Bergen er så gira på å kjøpe småbilar, at han tok turen frå Bergen.
Jan Lauritsen frå Porsgrunn er gira på å selje modellbilar. Hagbarth Hansen frå Bergen er så gira på å kjøpe småbilar, at han tok turen frå Bergen.
Ruth Magnushommen sine gjenbruksvarer med tekst på er ettertrakta.
Ruth Magnushommen sine gjenbruksvarer med tekst på er ettertrakta.
Berit Grønås har mani på å få tak i porselensfigurar, og då var ikkje helgas marknad i Seljord så dum plass å reise til.
Berit Grønås har mani på å få tak i porselensfigurar, og då var ikkje helgas marknad i Seljord så dum plass å reise til.
Ein Willys firehjulstrekkar 1959-modell var blant utstillingskøyretøya. Brannbilen har blitt brukt i Bø i si tid.
Ein Willys firehjulstrekkar 1959-modell var blant utstillingskøyretøya. Brannbilen har blitt brukt i Bø i si tid.
Interessa blant folk på vårmarknaden var stor for å få med seg auksjonen. Torodd Aase klubba raskt salet av ein trillebag med sykkelhjelm oppi, og kjøparen måtte ut med ti kroner.
Interessa blant folk på vårmarknaden var stor for å få med seg auksjonen. Torodd Aase klubba raskt salet av ein trillebag med sykkelhjelm oppi, og kjøparen måtte ut med ti kroner.

– Eit anna ord for slike figurar er vel støvsamlarar?

– Sjølvsagt, men det er koseleg å ha dei, svarar Grønås.

Litt småpruting har det blitt. Prisen for den eine figuren var 50 kroner. Ho baud halvparten, noko seljaren sa var ok.

– Eg synest synd på han så eg gav han 30 kroner, humrar Grønås, i det ho fartar vidare i området.

Boblemannen frå Bergen

I ei anna handlegate står hobbyseljar Jan Lauritsen frå Porsgrunn bak eit langt bord fult av små leikebilar, eller det samlarar vel å kalle modellbilar. Han har nettopp gjennomført ein handel med Hagbarth Hansen, som tidleg om morgonen tok turen frå heimstaden i Bergen til marknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han fekk ein god pris, smiler seljaren.

– Han er fæl til å prute, men ein god kunde, held porsgrunnkaren fram.

Kva pris dei to blei samde om fekk bli mellom dei. I alle fall sikra bergensaren seg endå fleire modellboblebilar i hobbysamlinga si som han byrja på for 30 år sidan.

– Kjekt å ha, seier Hansen.

– Kor mange modellbilar har du?

– 8 000 kanskje. Du skal ikkje sjå bort frå at eg har så mange, svarar han.

– Kva seier kona di til det å ha ei så stor samling i heimen?

– Ho seier eg må skrenke inn litt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva gjer du då?

– Nei, det kan du gjerne seie, svarar ein som går under namnet Boblemannen.

Gjenbruk

Inne i ein hall på Dyrskuplassen står Ruth Magnushommen og smiler. Ho er frå Kviteseid, men har dei siste åra budd i Skien. Standen ho har er full av gjenbruksvarer. Magnushommen kjøper inn ulike ting på loppemarknader og i bruktbutikkar. Varene blir måla og skrive tekster på. Ordtak og sitat hentar ho på internett. Vidare pussar ho opp småmøblar og lager lamper.

– Kvifor driv du med dette?

– Det bare datt over meg for eg kjeda meg på fritida, svarar ho.

I tre år har ho selt ulike ting på mange marknader rundt omkring.

– Mange ynskjer meir og meir å ha noko gamalt. Salet har gått veldig bra. Beste plassen å selje er her og på Dyrsku’n, seier Magnushommen.

Det er klart for hittegodsauksjon frå scena i Fjoset. Alt frå klokker til syklar som har hamna på nokre lensmannskontor i Telemark skal under hamaren til auksjonarius Torodd Aase, tidlegare lensmann i Seljord. Ein del av det som skal over i nye hender er stole av ein eller annan, anna er gløymd att av eigarane, til dømes under festivalar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det ting personar har funne og levert til politiet, skal ein tredel av summen som blir bydd på auksjonen gå tilbake i finnarløn. Vidare blir det trekt frå utgifter til lagerplass og anna, før resten av pengane går inn i statskassa. Etter eit par timars auksjon med fleire hundre personar på plass var rubbel og bit borte, på ein lovleg måte.

200 utstillarar

Tilbakemeldinga frå arrangørane av Vårmarknaden, Dyrsku’n arrangement og Vest-Telemark motorhistoriske klubb, er at det båe dagane gjekk strålande. Totalt var det 5 100 personar innafor marknadsportane, og det er nesten 1 000 fleire enn i fjor. Og talet på campinggjester aukar år etter år.

Kring 200 utstillarar frå heile Sør-Noreg deltok på marknaden. Veteranbilutstillinga samla 140 staslege køyretøy. Åtte eigarar fekk med seg heim velfortent premie for beste bil i sitt tiår.

I tillegg vitja 60 motorsyklar frå Classic Motor marknaden laurdag. Det blei ein dag med brummande motorar og blankpussa krom.