7.113 registrerte koronatilfelle i Noreg – opp 45

Det var ved midnatt registrert 7.113 tilfelle av koronasmitte i Noreg, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Dette er ein auke på 45 tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 129 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt 153 personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom. Det var måndag registrert 165 døde som følgje av sjukdommen.

(©NPK)