Kommunal rapport måler årleg kommunane sin framgang og tilbakegang innan dei forskjellige kommunale tenestene i målinga «Kommunebarometeret».

Særleg innan barnevern og økonomi er nøkkeltala i Kommune-Noreg samla betra det siste året. Også innan grunnskule og helse er det ei klar betring.

Kviteseid hamnar samla sett på 41. plass i år, 63. i fjor. Seljord finn me rett nedanfor på 44. plass. Dei låg på 32. plass i fjor. Lengst ned av kommunane i Vest-Telemark hamnar Nissedal, på 383. plass.

Kviteseid er inne på topp 100-lista innan kultur, saksbehandling og grunnskule. Kommunen har si svakaste plassering innan vatn, avløp og renovasjon (361. plass).

Alle kommunane er veldig gode på noko

Seljord er på si side heilt i toppsjiktet innan barnehage. Kommunen er også inne på topp 100-lista når det kjem til grunnskule, sosialteneste, kultur og sakshandsaming. Kommunen er svakast på vatn, avløp og renovasjon (383. plass).

Tokke er heilt i landstoppen innan helse, barnehage, kultur og grunnskule. Kommunen har si svakaste plassering innan einingskostnader (418. plass).

Fyresdal er heilt i toppsjiktet innan pleie og omsorg, helse og kultur. Kommunen er også inne på topp 100-lista innan sakshandsaming og barnehage. Kommunen har sine svakaste plasseringar innan einingskostnader (379. plass), grunnskule (352. plass) og miljø og ressursar (333. plass).

Vinje er i landstoppen innan helse. Kommunen er også inne på topp 100-lista når det gjeld barnehage, pleie og omsorg og barnevern. Kommunen er mindre gode på einingskostnader (419. plass), miljø og ressursar (363. plass) og grunnskule (321. plass).

Nissedal er i toppsjiktet innan pleie og omsorg. Kommunen er også inne på t opp 100-lista innan sakshandsaming. Kommunen har sine svakaste plasseringar innan miljø og ressursar (415. plass), einingskostnader (413. plass) og grunnskule (388. plass).

Ikkje ein kvalitetskontroll

Kommunal rapport understrekar at rangeringa ikkje er ein kvalitetskontroll. Kommunar med lågt inntektsnivå vil generelt ha dårlegare plasseringar enn ein kommune med høge inntekter. Målet med barometeret er å gje spesielt lokalpolitikarar ein lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over korleis kommunen driv. Tala er i stor grad henta frå Statistisk sentralbyrå s Kostra-database.

Kviteseid: I år: 41. plass /i fjor 63. plass

Seljord: I år: 44. plass /i fjor: 32. plass

Tokke: I år: 80. plass /i fjor: 289. plass

Fyresdal: I år: 233. plass /i fjor: 256. plass

Vinje: I år: 348. plass /i fjor: 328. plass

Nissedal: I år: 383. plass /i fjor: 388. plass