Gleda var stor i førre veke då redaktør Øystein Øygarden og prosjektleiar Randi Berdal Hagen saman med resten av gjengen i Vest-Telemark blad fekk meldinga. Nynorsk kultursentrum og Vinjefondet stør opp om VTB sitt prøveprosjekt med Snapchat. Søknaden til fondet gav full utteljing og er den største enkeltsummen juryen har gjeve ut nokon gong.

­ Målet med prosjektet er å byggje ein relasjon til dei i aldersgruppa 15 til 30 år som ikkje les papiraviser i dag, gjennom å bruke Snapchat.

– Med prosjektet vil me gjera dei vant til å få oppdateringar og nytt frå lokalavisa – på nynorsk. Dessutan håpar me sjølvsagt at nokon av dei blir freista til å lesa meir VTB no – og ikkje minst i framtida, seier journalist og prosjektleiar Randi Berdal Hagen.

Fram med kvardagsnynorsk

Lokalavisa i Vest-Telemark har ikkje dei største musklane til ei gigantisk digital satsing, men har likevel prøva å fylgje med på utviklinga. Siste året har VTB vore med i prosjektet Telemark online, som skal bidra til å skape vekst gjennom det å vera meir synleg digitalt. Gjennom dette programmet har avisa kome i kontakt med Sense kommunikasjon i Skien, eit rådgjevingsselskap som arbeider med digital synlegheit og merkevarebygging. Dei vil vera med vidare i prosjektet som rådgjvarar og støttespelarar både i planlegging og opplæring.

Og ja – snap-ane frå avisa skal sjølvsagt koma på nynorsk.

– Me er veldig glade for pengane som gjer det mogeleg å teste ut dette. Som ei nynorsk, språkbevisst lokalavis tek me på alvor at både dialekt og nynorsk står i fare for å bli svekka i Vest-Telemark. Då er det viktig å slå eit slag for kvardagsnynorsken – at ein møter nynorsk på stader ein kanskje ikkje hadde forventa det. Det kan denne satsinga vera med på å få fram, utfyller Hagen.

Leitar etter unge krefter

I eitt år skal VTB arbeide med å utvikle satsinga på Snapchat, og no er avisa på leit etter ein ung og kreativ journalist til ei 60 prosent stilling frå mars neste år.

­ ­– Sjølv om eg innbillar meg at eg er veldig ung, er eg ikkje det i denne samanhengen. No er me på jakt etter eit menneske over 18 år som kan arbeide med dette – og det er ekstremt viktig at det er rett person som får jobben. Me ynskjer å gje den rette personen ein unik sjanse og verdifull arbeidserfaring, konstaterer Hagen.

Håpet er også at stillinga kan bli gjort fast etter at prosjektperioden på eitt år er over.

Ein viktig del av jobben blir å opprette kontakt med unge menneske i og frå Vest-Telemark, både for marknadsføringa av satsinga sin del, og for å lære meir om kva dei ynskjer seg. 

– Håpet er at me i VTB kan vera med på å styrke dei unge si tilknyting til Vest-Telemark og til målforma vår, gjennom å gje dei smakebitar av livet i Vest-Telemark på det språket som høyrer regionen til.  

 

– Midt i blinken

Leiar av fagrådet til Vinjefondet, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, var glad då ho såg søknaden frå Vest-Telemark blad, og tilrådinga frå rådet var å gje full pott til lokalavisa.

– Det var ein god søknad som harmonerer godt med dei retningslinene Vinjefondet skal fylgje for å støtte nynorsk journalistikk. Prosjektet går rett inn i kjerna av det me skal arbeide for. Eit etablert redaksjonsmiljø som skal finne nye forteljarmåtar til ei ungdomsgruppe. Me syns det var utruleg viktig å støtte prosjektet, seier Rotevatn.

Det at Vest-Telemark er eit område der nynorsken er under press var også viktig for fagrådet.

– Dessutan brukar ungdom mykje dialekt i kommunikasjonen på sosiale media, og det er viktig at ein støtter opp om tiltak som spreier normert nynorsk, seier ho.

Rotevatn har tru på at prosjektet til lokalavisa vil bli svært vellukka, og at det kan skape journalistikk på ein heilt ny måte.

– Dette er heilt i A.O.Vinje si ånd. Eg håpar andre redaksjonar fylgjer godt med på det arbeidet som blir gjort i Vest-Telemark blad framover, seier Rotevatn.

 

Snapchat

Snapchat er ein app for mobilar som ein nyttar til deling av foto og video i opp til 10 sekundar, før det slettast. Appen blei utvikla av ei gruppe studentar ved Stanforduniversitetet og kom fyrst på marknaden i 2011. Ved hjelp av appen kan ein ta bilete, spela inn video, dele historier som ein kan legge spesialeffektar på, for så å sende dei vidare til si eiga liste over mottakarar. Applikasjonens viktigaste målgruppe er unge mellom 13 og 23 år, men stadig fleire vaksne brukar også mediet. I fylgje Metronet sin statistikk over sosiale media i 2014 har kvar fjerde nordmann Snapchat.