|
Fredag 3/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Legesenter får digitalt røntgenutstyr
 Assisterande rådmann Sissel Bitustøyl (t.v.) og helsesjef Ann Wraa ser fram til at legekontoret i Åmot frå neste år får tilbod om digital røntgenfotografering. (Foto: Bjart Schieldrop)
|
I løpet av 2009 vil det vere røntgenutstyr på plass ved legekontoret i Åmot, som også fungerer som legevakt for Vinje og Tokke. 1,5 millionar kroner satsar Vinje kommune på fyrste steg inn i den digitale telemedisinen. Røntgenbileta skal tolkast av spesialistar på Sjukehuset Telemark i Skien.
Bjart Schieldrop bjart.schieldrop@vtb.no
Assisterande rådmann Sissel Bitustøyl fortel at det er fleire år sidan Vinje kommune byrja interessere seg for å ta i bruk telemedisin ved legekontoret i Åmot. Teknologien gjer det mogleg for legekontor og legevaktene i distrikta å kommunisere med legespesialistane på sentralsjukehuset.
– Det er viktig å ha eit slikt tilbod godt forankra hjå legar og sjukepleiarar som skal nytte moderne telemedisin i den daglege jobben. Tidlegare var ikkje interessa stor nok blant legane til at me kom i gang. No har haldninga snudd, og me gjer eit nytt framstøyt, fortel Sissel Bitustøyl.
1,5 millionar kroner har Vinje kommune lagt inn i budsjettet til innkjøp av digitalt røntgenutstyr. Ein har også vore i Bykle og sett på slikt utstyr og samarbeidet med sjukehuset i Arendal. Difor meiner både Sissel Bitustøyl og helsesjef Ann Wraa at tida no er overmogen for at også Vinje utvidar tilbodet til pasientane. Noko ombyggingsarbeid av lokala på legekontoret trengst før ein er i gang.
I ein vintersportskommune skjer det kvart år mange uhell i skibakkar og –løyper. Legane kan nokre gongar vere usikre på om det er brot eller ikkje. Denne uvissa vert borte når ein kan ta røntgenbilete og få det vurdert av røntgenlege eller ortoped på sjukehuset i Skien. Ein kan også få svar på om eit brot krev kirurgisk behandling eller om det berre trengst gipsing. Det siste kan gjerast på legekontoret i Åmot.
Helsesjef Ann Wraa fortel at telemedisin kjem meir og meir. Dette er i tråd med styresmaktenes mål om eit nærare samarbeid mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Målet er at meir av pasientbehandlinga skal skje lokalt med sjukehusspesialistane som sentrale medspelarar. Difor vert tilbodet om digitalt røntgenutstyr i Åmot ei viktig brikke mot eit distriktsmedisinsk senter.
Ambulansetenesta vert også styrka i Vinje ved at dei slepp å køyre pasientar til Skien med skadar det seinare viser seg ikkje treng behandling på sjukehus. Også for sjukehuset som driftar ambulansane vert det pengar å spare. Men viktigast er det at digitalt røntgenutstyr vil gje pasientane eit betre tilbod. Ein mogleg tapar kan verte Rjukan sjukehus som kan få færre pasientar. Men der har tilgangen på røntgenspesialist vore varierande den siste tida, slik at sjukehuset i Skien ofte har vore løysinga.
– Dette er eit ledd i framtidas helsetilbod lokalt. Og Vinje skal vere med i svingane, forsikrar både assisterande rådmann Sissel Bitustøyl og helsesjef Ann Wraa.
Betre og meir effektivt
Regjeringa legg no til rette for at pasientar i større grad skal behandlast utanfor sjukehusa av kvalifisert helsepersonell. Dei meiner det vil føre til betre pasientbehandling og meir helse for kvar krone. Dette er ei viktig brikke i helseminister Bjarne Håkon Hanssens såkalla samhandlingsreform.
Frå 2009 er det fylgjande døme på helsehjelpsformer som kan gjerast lokalt i samarbeid med spesialisthelsetenesta:
* Kronikaromsorg for diabetikarar og pasientar med andre indremedisinske kroniske sjukdomar som til dømes hjartesvikt, KOLS/astma eller MS, parkinson og andre nevrologiske sjukdomar
* Ljoshandsaming av pasientar med kroniske hudlidingar som psoriasis og eksematøse lidingar
* Gipsing og bandasjering som ledd i oppfylgjing etter skadar
* Svangerskapsomsorg utført av jordmødre
* Nevropsykologisk testing utført av psykologar
* Praktisk gjennomføring av undersøkingar for hjerterytmeforstyrringar, der spesialist tolkar resultatet
Artikkelen er publisert 09/12-2008
|
Aktuelle saker:
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
– Psykisk helsearbeid av høg kvalitet
Visuell poesi av Landstad-tekstar
Ynskjer meir tekstilfokus
Samarbeidsbrot
Sal skal sikre skuletilboda på Foldsæ
– Eg har vore halden heilt utanfor
|