Laurdag
31/7-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Heidra ei samla bygdesatsing


Styreleiar Tarjei Gjelstad (t.v.), aktivitetsutviklar Hamish Moore og prosjektleiar Siri Hafnor i Morgedal Utvikling er stolte over å ha fått Positivprisen og eit trykk av Knut Flatin.

Innbyggjarane i Morgedal samla seg om å sette meir fart på bygda med ulike nye tiltak. Dei skaut inn eigenkapital og etablerte Morgedal Utvikling AS. Hovudoppgåvene blei å jobbe med produktutvikling basert på skihistoria, marknadsføre Morgedal og gje lokale bedrifter diverse hjelp. Resultatet er mellom anna talrike små og store arrangement som har trekt folk til bygda, og hjelp til næringslivet. Ein jury i Vest-Telemark har valt å gje årets Positivpris til Morgedal Utvikling.




Dette er fyrste året Vest-Telemark Blad deler ut Positivprisen. I fleire månader har lesarane blitt inviterte til å kome med forslag på kven som bør bli heidra for god innsats i lag, foreiningar, verksemder eller på andre område. Tiltaket må ha vore drive over tid, skapt godt omdøme, trekt til seg folk, laga butrivselstiltak, eller andre døme er at det har skapt gode vilkår for busetting og næring.
Det kom inn 14 forslag på kandidatar. Ein jury med bygdelivsmeklar Emilie Asplin, banksjef Gunnar Eilefstjønn, dagleg leiar Olav A. Veum og VTB-redaktør Knut Espelid har hatt gode kandidatar å velje i. Samrøystes fall valet på Morgedal Utvikling AS.

– Klarer å skape hjul
Under utdelinga av Positivprisen, sjølvsagt i Morgedal, peika redaktør Knut Espelid på at prosjektet Morgedal Utvikling har via talrike små og store arrangement og initiativ oppnådd suksess med å handle lokalt, men tenkje globalt. Satsinga har trekt folk til bygda og synleggjort Morgedal også ved å profilere seg rundt skisportens vogge.
– Morgedal Utvikling har vitalisert lokalbefolkninga og sjølvkjensla der. Marknadsføring og aktivitetar skjer i tett samspel mellom bygdefolk, noko som er viktig for at prosjektet skal lykkast. Det blir skapt ein visjon for kva Morgedal kan bli i framtida, og det er fokus på moglegheitene framfor hindringane, grunngav Espelid.
– Sett frå næringslivets si side lagar de aktivitetar som næringane kan nytte. Prosjektet er spennande, sa jurymedlem Olav A. Veum.
– De brukar ein opphaveleg identitet som ligg i skisporten og det er positivt. Mange unge menneske snakkar om at no skjer det noko i Morgedal. De klarer å skape hjul som er viktige, påpeika bygdelivsmeklar Emilie Asplin.
Gunnar Eilefstjønn skaut inn at det også er viktig med at bygdefolk har eigarskap til prosjektet, slik dei har i Morgedal.
Positivprisen er eit trykk frå kunstnaren Knut Flatin i Seljord, og vart overrekt til prosjektleiar Siri Hafnor, aktivitetsutviklar Hamish Moore, og styreleiar Tarjei Gjelstad i Morgedal Utvikling.

Viktig i regionen
– Dette er kjempemoro, veldig oppmuntrande og ein kjempemotivasjon for å fortsette. Det er godt å vite at me blir lagt merke til, sa ei overraska Hafnor.
– Me har stått svært fritt i kva me skal jobbe med, og det er ein god ting å ha mange utfordringar. Positivprisen betyr at me truleg er på rett veg, sa Hamish.
Gjelstad sa at det som er svært viktig med heidringa, er at ein brei jury frå Vest-Telemark ser prosjektet som viktig i regionen.
– Eg er stolt over at Morgedal Utvikling får prisen. Bildet skal me henge på ein fin plass slik at alle får sjå det, sa Gjelstad med eit smil.

Morgedal Utvikling AS
I november 2003 innkalla Fylkesmannen nokre morgedølar for å høyre om dei kunne vere vertskap for Bygdelivskonferansen året etter i Seljord. På oppdrag frå morgedølane og Fylkesmannen laga Telemarksforsking prosjektet «Ein kulturøkonomisk utviklingsstrategi for Morgedal». Etterpå kom rapporten «Frå vogge til mekka», og der vart det konkludert med ein del spennande tiltak og satsingar.
På eit bygdemøte i Morgedal rett før jol -05 blei det semje om å gå vidare i tråd med rapporten, og det blei laga eit forprosjekt for å sjå om det var mogleg å gå over til eit større prosjekt.
Desember -06 vart Morgedal Utvikling AS etablert med ein aksjekapital på 210.000 kroner og over 40 aksjonærar frå bygda.
– Ved å få i gang Morgedal Utvikling hadde ein noko handfast som kunne sette meir fart på bygda med ulike nye tiltak, seier styreleiar Tarjei Gjelstad.
Morgedal Utvikling mottok fleire tilskot. Dermed var to 60 prosent stillingar som prosjektleiarar på plass frå nyttår -07.
Det ligg no inne søknader om å forlenge prosjektet med eitt år, og innstillingane på å løyve midlar er positive.
– Utfordringa er kva me gjer for å overleve etter 2009, seier prosjektleiar Siri Hafnor.

Resultat av prosjektet
Morgedal Utvikling har i hovudsak tri oppgåver: Å jobbe med produktutvikling basert på skihistoria, marknadsføre Morgedal og gje lokale bedrifter diverse hjelp.
Døme på tiltak som er gjort er å utdanne telemarkinstruktørar, og det er på plass tilbod om å renne telemark i skisportens vogge.
– Kanskje er Morgedal den einaste plassen i verda som bare leiger ut telemarksutstyr, seier Tarjei Gjelstad.
Vidare er det tilbod om pilegrimsskioppleving, folk kan lære å lage eigne ski og oppleve å renne på gamle treski. Det er også høve til å kjøpe ski laga på gamlemåten.
Skileik, guida gåturar med forteljing om skihistoria og skiturar er også på køyreplanen. Dessutan tok Hamish Moore med seg ein idé frå heimlandet New Zealand om å byrje med multisport i Morgedal. På fyrste arrangementet i fjor var det 47 deltakarar, medan talet i år blei nesten dobla blant dei som både padla kajakk, sykla i terreng og sprang terrengløp.
– Multisport passar bra for Morgedal og løypene er lagt til historiske plassar. Me vil profilere Morgedal som ein spennande stad, seier Moore.
Andre tiltak er å markere Sondre Norheim sin fødselsdag oppe på Øverbø, og på heimstaden hans er det mellom anna konsert under arrangementet.
Nytt denne vinteren er ei heil helg med Morgedalsleikane, med fokus på telemarkskisporten.
Elles har Morgedal Utvikling laga ei eiga nettside, der ein også synleggjer lokale bedrifter. Vidare blir det trykt sommarkatalog som ein del av satsinga på god marknadsføring.
Skare gard er døme på at Morgedal Utvikling har hjelp lokale bedrifter. Prosjektet var inne i bildet då låven på garden blei gjort om til konferanse- og selskapslokale.
Vidare har prosjektet hjelpt med å vidareutvikle Skreppa, og stilt opp for hotellet i bygda og for Norsk Skieventyr.
– Det er mange flinke folk i Morgedal. Me prøvar å fôre dei med idear, og dei kjem med idear sjølve, seier prosjektleiarane Siri Hafnor og Hamish Moore.


Artikkelen er publisert 13/12-2008

Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen