Laurdag
31/7-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Formidabel start


Meir enn 500 skientusiastar stilte til start i det fyrste Haukelirennet.

Laurdag gjekk det fyrste Haukelirennet i historia av stabelen. Ein betre start på skirennet, som arrangørane vil gjera til ein årviss tradisjon, kunne ein ikkje ha fått. Over 500 ivrige skientusiastar fekk prøve seg i dei kuperte løypene i eit vêr som viste Haukelifjell på sitt absolutt beste.




IL Rein har i over 40 år arrangert Sigurdsbuløypa på Stokktjønn mellom Haukeli og Hovden, men i år ville laget skipe til noko større og meir ambisiøst. Målet var å skape ein årleg «happening» som kunne skape liv og røre i bygda for innbyggarar og hyttefolk.
Ambisjonane var å skape eit renn for alle frå eliteutøvarane til mosjonistar og turgåarar. Det målet ser ut til å vere nådd, for det var mange som gjekk den 32 kilometer lange løypa denne laurdagen. 169 deltakarar gjekk på tid, medan 352 mosjonistar tok det som ein tur.

Mange store skinamn
Mange profilerte løparar var på plass i det fyrste Haukelirennet. Forutan Anders Aukland, Kristin Størmer Steira og Marit Bjørgen frå dagens skielite, var òg kombinert-essa frå tidlegare tider, Knut Tore Apeland, Fred Børre Lundberg og Bjarte Engen Vik med på løpet. Det låg i korta at det kunne bli eit internt oppgjer. Lundberg kom sigrande ut av duellen med tida 1.29.55, med eit sekunds margin på Engen Vik og vann dermed klassa for menn 36-40 år.
Anders Aukland frå Oseberg skilag vann eliteklassa for menn på tida 1.19.51, medan andreplassen gjekk til Thomas Vestbø frå Vindafjord IL på tida 1.20.05. Svein Tore Sinnes frå Tonstad IL kom inn på tredje, sju hundredelar etter.
I eliteklassa for kvinner var det Kristin Størmer Steira frå Forsøk IL som vann på tida 1.25.44. Ho kom inn som nummer seks totalt etter eit imponerande løp. Andreplassen gjekk til Marit Bjørgen frå Rognes IL med tida 1.29.52 og Maiken Kaspersen Falla frå HSG/Lørenskog skiklubb fekk tredjeplass med tida 1.37.56.
Frå Vest-Telemark imponerte Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo IL nok ein gong med eit flott løp. I byrjinga av løpet låg han heilt i tet, og i mål kom han inn på åttande plass totalt. Han vann klassa M 16-20 år med tida 1.26.09. Sindre Høgset frå HSG/Vinje IL, Arne Moen Lid og Eivind Romberg Kvaale, begge frå Høydalsmo, kom på sjette, sjuande og åttandeplass i same klasse. I klassa for kvinner 16-20 år kom Kathrine Lyngstad Kroken frå Vinje IL inn på ein fjerdeplass med tida 2.03.56.

Storfornøgde
Tilbakemeldingane frå deltakarane var positive, men nokre meinte delar av løypa var til tider noko bratt. Det kjem arrangørane til å endre på neste år, slik at løypetraseen blir noko enklare.
Det ser likevel ikkje ut til at bratte bakkar har skremt utøvarane frå å koma attende. Speaker Svein Pettersvold gav publikum god informasjon undervegs om korleis løpet utspant seg og framfor publikum uttala Aukland, Størmer Steira og Bjørgen at dei kom gjerne att neste år.
¬ Det er eit fantastisk vêr og ei flott løype med utfordrande bakkar. Eg var skikkeleg nedi ein gong. Det er fint å gå eit slikt renn etter sesongslutten rundt 1. april. Eg kjem gjerne tilbake neste år, sa Anders Aukland framfor publikum.
– Eg fekk utruleg god hjelp av nokre yngre herrar. Løpet var tøft og eg var redd eg hadde gått for hardt ut då eg hadde kome halvvegs, men det gjekk bra. I dag såg eg meg rundt og kosa meg med den flotte naturen og det fantastiske vêret. Kan gjerne melde meg på til neste år, sa ei fornøgd Kristin Størmer Steira
Arrangørane var storfornøgde med arrangementet.
– Dette har gått heilt fantastisk, så me satsar på å få til dette neste år òg, sa rennleiar Tommy Lindskog.


Artikkelen er publisert 21/04-2009

Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen