Laurdag
31/7-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Høg kompetanse og samhandling er viktig


Høgres stortingskandidat i Telemark, Torbjørn Røe Isaksen (t.h.), dagleg leiar Olav A. Veum i Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNF) og styreleiar Gunnar Eilefstjønn i VTNF.

Industrien i Vest-Telemark er prega av høg teknisk kompetanse. Vona er å berge verksemdene gjennom den økonomiske krisa. Turistnæringa treng betre samhandling for å marknadsføre opplevings- og kulturtilboda i regionen.




Det var styreleiar i Vest-Telemark Næringsforum (VTNF), Gunnar Eilefstjønn, som kom med desse synspunkta då Telemark Høgres stortingskandidat, Torbjørn Røe Isaksen, nyleg gjesta Vest-Telemark. VTNF tok politikaren med til fleire verksemder i regionen. Telemark Kildevann i Fyresdal, Dalen Hotell og ABB på Dalen vart vitja før Røe Isaksen på eit møte i Seljord fekk ein gjennomgang kring næringslivets utfordringar.
Olav A. Veum, dagleg leiar i VTNF, nemnde at den økonomiske krisa gjev seg ulike utslag i Vest-Telemark. Medan nokre verksemder slit og har måtta gå til permisjonar, er det få konkursar. Og nokre bransjar greier ikkje å skaffe nok arbeidskraft. For desse skaper vanskane med rekrutteringa problem med å vekse i tråd med etterspurnaden i marknaden. Difor er rekruttering ei av dei prioriterte arbeidsoppgåvene til VTNF.
– Me treng å stå saman i Vest-Telemark. Undersøkingar syner at for næringslivet er kommunegrenser mindre viktig. Derimot er tilgang på rett og nok arbeidskraft viktig saman med gode bu- og oppvekstvilkår. Verksemdene seier elles at dei ynskjer ei fagleg god rettleiingsteneste i kommunane ved sida av best mogleg tilgang på kapital til investering og utvikling, fortalde Veum.

Felles utfordringar
VTNF-leiaren konkluderte med at næringslivet i Vest-Telemark har felles utfordringar, og meinte at felles utfordringar møter ein best i fellesskap.
Når det gjeld infrastrukturen i regionen er næringslivet tilfreds med breibandstilknytinga og minst nøgd med vegstandarden. Men generelt er næringslivet lite tilfreds med infrastrukturen i regionen.
Gunnar Eilefstjønn orienterte om utviklingstrekka i ulike bransjar. Han sa at handelsnæringa er godt utbygd, sjølv om det er skilnadar frå kommune til kommune. Likevel stilte VTNF-styreleiaren spørsmål om einskilde kjedar er med på ei overetablering.

Hytteprisane held seg
– Hyttebygginga har vore og er framleis omfattande i Vest-Telemark. Me ser at prisane har halde seg bra oppe trass i økonomisk turbulens. Hytter i prisklassa frå 3 til 3,5 millionar kroner er det ikkje vanskeleg å få omsett, fortalde Eilefstjønn.
Han minna Røe Isaksen om at stadig fleire bur på hyttene i store periodar av året. Denne tendensen vil gje utfordringar for kommunane med omsyn til dimensjonering av mellom anna helsetilboda. Difor meinte Eilefstjønn at kommunane kunne verte tvinga til å ta skattar og avgifter frå hytteeigarane for å dekke den auka kostnadane.
I Vest-Telemark konstaterte VTNF-styreleiaren at landbruksnæringa er på vikande front. Talet på heiltidsbønder går attende og i tillegg er det låge prisar i skogbruket.

Overvurdert inntening
– Det vert arbeidd mykje for at småskalamatproduksjon skal kompensere for bortfallet av tradisjonelt landbruk. Eg stiller spørsmål om dette ikkje er ein nisjebransje der innteninga er overvurdert. Dersom ein skal lukkast må i alle høve aktivitetane vere tilrettelagt på rett måte, meinte Gunnar Eilefstjønn.
Tilgang på kapital er avgjerande for vekst og utvikling i næringslivet. Utkantane er i mykje større grad enn verksemder i sentrale strøk avhengige av sterke offentlege låneordningar gjennom til dømes Innovasjon Noreg. Mellom anna fordi pantet er mindre verdt i distrikta, er bankane mindre viljuge til å gje så store lån at næringslivet får dekka trongen for kapital.
– Vest-Telemark må ha god tilgang på ordinær kapital for å skape utvikling. Her sit Innovasjon Noreg med eit spesielt ansvar, sa Gunnar Eilefstjønn.


Artikkelen er publisert 18/07-2009

Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen