Laurdag
31/7-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Den fyrste maskinseljaren jubilerer


Odd Bjørn Rønning stiller ut på Dyrsku’n for 50. gong, og han gler seg like mykje kvart år.

I 1959 tok Odd Bjørn Rønning turen til Dyrsku’n med ei motorsag og ein tohjulstraktor. Han kom ikkje innanfor portane, og fekk heller ikkje selt noko. 50 år seinare er Rønning veteranen blant maskinseljarane på Dyrskuplassen.




Han gjekk sine eigne vegar den då 21 år gamle Odd Bjørn Rønning. Faren, Bjarne, meinte Dyrsku’n ikkje var nokon plass å selje maskiner.
«Dyrsku’n er for dyr», sa han, mimrar Odd Bjørn Rønning.
Same haldninga hadde leiinga for Dyrsku’n. Dei var redde for at Rønning ville skremme dyra og nekta han innpass på sjølve plassen. Det stoppa ikkje ungguten med det store pågangsmotet. Han stilte seg opp utanfor porten med motorsaga og tohjulstraktoren, i håp om å få til eit sal, eller to. Men dyrskugjestene var ikkje klare for maskinhandel i 1959, og Rønning reiste tilbake til Neslandsvatn med det same han kom med.
– Eg møtte opp året etter også, men eg trur ikkje det blei noko handel då heller, smiler Odd Bjørn Rønning.
Men sidan gjekk det berre ein veg. Sal av maskiner blei tatt inn i dyrskuvarmen. Med unntak av eit par labre år på starten av 90-talet, har salet gått sakte, men sikkert oppover.
– Eg hadde trua på dette, og visste at berre det å vise seg i Øvre Telemark var god marknadsføring, fortel han.

Travelt, men moro
Pioneren Rønning er i dag veteranen blant maskinseljarane på den store folkefesten andre helga i september.
– Dyrsku’n er veldig viktig. Her har me eit unormalt stort sal i høve til andre messer, seier Rønning, som i dag driv firmaet Rønning Maskinsalg AS saman med sonen Bjørn Åge.
– Helga er veldig travel, men utruleg moro. I løpet av dei tri dagane på stand har ein ikkje tid til å gå rundt på plassen for å sjå seg om. Det går i eitt, men tida går så fort, seier han.
Mange er innom standen for å sjå maskinene og samanlikne, og Rønning seier verknadene av Dyrsku’n varer til nyttår, sidan mange tenker seg godt om før dei handlar.
– Er ein ikkje på Dyrsku’n, er ein utanfor, seier Rønning.

Kjedeleg som pensjonist
Odd Bjørn Rønning byrja tidleg å jobbe saman med faren i firmaet som då heitte Bjarne Rønning & Co. Då faren døydde tok Odd Bjørn over familiebedrifta som på slutten av 70-talet bytta namn til Rønning Maskin. I 1982 blei det aksjeselskap. I 2005 blei Rønning Maskin kjøpt opp av A-K maskin. Odd Bjørn Rønning jobba endå nokre år for bedrifta, men 1. april 2007 blei han pensjonist.
Men pensjonistlivet var ikkje noko for Rønning.
– Eg var vel pensjonist i 3-4 månadar, men det blei veldig kjedeleg, smiler han.
Og då sonen ytra frampå å starte med maskinsal att, var ikkje faren vond å be. Hausten 2007 var dei i gang. Med logoen frå Rønning Maskin og «salg» bak det gamle firmanamnet flytta dei inn i lokala dei tidlegare hadde halde hus i på Neslandsvatn i Drangedal kommune. Her sel dei traktorar og reiskap til hage, jord- og skogbruk. Då han var sjefen for Rønning Maskin selte dei New Holland-traktorar. Rønning Maskinsalg sel «Valtra» og «Claas».
Rønning seier butikken går godt. Dei er i dag 4,5 årsverk i Rønning Maskinsalg AS, og i fjor omsette dei for 12 millionar kroner, utanom traktorane.
På spørsmål om dei har planar om ekspandere som i gamle dagar, smiler han, og sender spørsmålet vidare til sonen.
Svaret kjem kort og kontant inne frå butikken.
– Nei.
– Tanken var å drive i mindre målestokk enn tidlegare, men det har vakse fortare enn me hadde tenkt, seier Odd Bjørn.
– Dette er, og har vore ein livsstil for meg, held han fram.
Det blir lange arbeidsdagar. Han har aldri vore nokon 8-16-arbeidar. Mykje køyring gjer at han ofte ikkje er heime før på kvelden.

Har selt 3.200 traktorar
Totalt har han selt om lag 3.200 traktorar sidan 1952 då han byrja i bedrifta som 14-åring.
– Det har blitt mange kontraktar, smiler Rønning.
Sidan han ikkje var på Dyrsku’n i pensjoniståret 2007, er det i år han kan feire 50-årsjubileum. Men noko markering blir det ikkje.
– Nei, det blir ikkje det, sidan dette er eit nytt firma, forklarar Rønning.
– Eg har eit avslappa forhold til det å jubilere på Dyrsku’n, og vel heller å fokusere på det me held på med nå, legg han til.
Han er ein sprek 71-åring, som lovar å halde på så lenge helsa held.
– Kvart enkelt sal er like i moro i dag, som det var for 40-50 år sidan, seier han.
Odd Bjørn likar å treffe folk og prate med kundane, nye som gamle.
– Eg gler meg, seier Rønning før han for 50. gong finn plassen sin på Dyrskuplassen.


Artikkelen er publisert 10/09-2009

Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen