|
Tysdag 7/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ikkje god nok karakter for grunnskule
 Utfordringar: Benedikte Vonen har fortald kommunestyret i Nissedal at grunnskulen i kommunen har noko å jobbe med framover.
|
Den fyrste tilstandsrapporten om grunnskulen i Nissedal kommune viser at det heng nokre utfordringar i klasseroma.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
– Grunnskulen i Nissedal kommune har veldig svake resultat på mange område. Ikkje alt er hyggjeleg lesing i rapporten som mellom anna ikkje viser noko bra resultat kring mobbing på skulen, sa kommunalsjef Benedikte Vonen, då ho orienterte kommunestyret om den fyrste tilstandsrapporten for grunnskulen i kommunen.
Opplæringslova krev at skuleeigarane utarbeider ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. Innhaldet skal omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, og kan ha med anna omtale som ein meiner er føremålstenleg. Rapporten skal kvart år drøftast av skuleeigaren, som er kommunestyret.
Skårar på trivsel
Målet for undervisinga i Nissedal kommune er at ho skal ha høgare kvalitet enn gjennomsnittet i landet. Den fyrste tilstandsrapporten slår fast at ein er eit stykke unna kvalitetsmålet.
Som kommunalsjef for personal og utvikling skal Benedikte Vonen også ta vare på oppgåvene som skulefagleg ansvarleg. VTB har spurd henne kva som er mest positivt i rapporten som handlar ein del om 7. og 10. klasse, men også 5. og 8. klasse.
– Trivselen. Tilbakemeldinga om den gjev ikkje grunn til uro blant elevane. Vidare er resultatet frå nasjonale prøver i rekning for 5. klasse betre enn resten av Telemark og landet elles, svarar Vonen.
Det som har overraska henne mest i undersøkinga, som gav Vonen fleire negative opplevingar enn ho hadde rekna med, er at det er skåra så dårleg på mobbing i 7. klasse.
– Det er eit varsko, og stadfestar foreldras påstand om at elevar blir mobba. Problemet blir seriøst jobba med. Ein handlingsplan mot mobbing er revidert, og det har vore foreldre- og elevundersøkingar ved skulen, fortel Vonen.
Færre grunnskulepoeng
Nasjonale prøver for 5. og 8. klasse har meistringsnivå 1 som det lågaste. Om eleven kjem der, betyr det at han kan frå ingenting til litt.
– Ingen elevar bør liggje på dette nivået når dei går ut av grunnskulen, seier Vonen.
Rapporten viser at ein del elevar ikkje har tilfredsstillande kunnskapar i somme fag der det har vore nasjonale prøver. Litt vel mange ligg på meistringsnivå 1 der nivå 3 er det høgste for 5. klasse og nivå 5 for 8. klasse.
Når det gjeld grunnskulepoeng, som er grunnlaget for vidaregåande skule, ligg Nissedal lågare enn snittet i Telemark som også ligg lågare enn snittet er nasjonalt. Vonen slår fast at tilstandsrapporten viser ein del konkrete ting å ta tak i kvalitetsmessig i skulane i Nissedal.
– Det er bra at me har fått alt dette ned på papiret, og det er ein god del å hente her. Det er mykje fakta me har godt av å få i ansiktet for å bli lyfta opp. Me har nokre utfordringar framover. Skuleeigaren har ikkje tenkt å leggje rapporten i skuffen, seier Vonen.
Til slutt legg ho til at rapporten er ein vekkjar for lærarane og foreldre, men også for politikarane. Opplæringslova seier at skuleeigaren har ansvaret for at krava i lova og forskriftene blir oppfylte. Det tyder også å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.
– Den lovteksten er direkte til politikarane, avsluttar Vonen.
Går skulen etter i saumane
I tillegg til tilstandsrapporten for grunnskulen i Nissedal, har Fylkesmannen varsla tilsyn i skulesektoren i kommunen. Tilsynet gjeld elevanes rett til eit godt psykososialt skulemiljø.
– Sidan det har vore så pass mykje støy rundt skulen, forstår eg at Fylkesmannen har vald ut Nissedal, seier Benedikte Vonen.
Vidare har kontrollutvalet i kommunen, etter mobbesaka som kom fram for ei tid tilbake ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule, bestilt ein forvaltingsrevisjon. Dette prosjektet skal sjå på ressursbruken og kvaliteten i grunnskulen i Nissedal.
– Skulen i Nissedal blir til dei grader gått etter i saumane. Me får vri det til at det er bra, for då får me fokus på kvalitet, seier Vonen.
Artikkelen er publisert 29/07-2010
|
Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
|