|
Tysdag 7/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Fryktar farleg veg
 Oppgjeven: Bebuarane langs Neslandsvegen har funne seg i den dårlege vegen i mange år, men no meiner Berit Tjønn noko må gjerast. (Foto: Randi Berdal Hagen)
|
Berit Tjønn frå Nesland på Rauland er lei av at ingen tek tak i Neslandsvegen. Dekket er frå syttitalet, og er no så fullt av hol og trestubbar som pressar seg opp midt i vegen at det skapar farlege situasjonar for både menneske og bilar langs den fem kilometer lange strekninga.
Randi Berdal Hagen redaksjon@vtb.no
– No om sommaren er vegen til å øydelegge bilen på, med alle humpane, hola og trestubbane som stikk opp midt i vegen. Men om vinteren er det direkte farleg å køyre på han. Når det kjem mykje snø blir det ofte tri hjulspor i vegbanen, og det er eitt for lite når ein møter bil – eller endå verre, skulebussen, seier Berit Tjønn.
Ho bur på Nesland og køyrer vegen forbi Høgskulen/Raulandsakademiet kvar dag til arbeid.
– Det er særleg skummelt forbi akademiet, der ein må ha litt fart for å kome opp om vinteren. Der er det mange studentar som går langs vegen til og frå skulen, og møter ein bil då, så ... Det er ikkje trygt, seier Tjønn.
Både skummelt og dyrt
Det blir også dyrt for bileigarane som bur langs Neslandsvegen, fortel Tjønn.
– I vår hadde me bilen vår, som er under fire år gamal, på service. Då fekk me beskjed om at absolutt alle fjørene var knekt. Ei anna dame her oppe hadde fått tilbakemelding frå verkstaden om at det ikkje var tvil om at ho køyrde på dårlege vegar. Prøvar ein å sykle, er det endå verre. Det er direkte farleg med alle hola og humpane. Det er ikkje moro å sende 11-åringen ut på sykkel her, seier Tjønn oppgjeven, medan ho går langs vegbanen og peikar ut dei verste partia på den om lag fem kilometer lange fylkesvegen.
Bussen rista sund
Reidar Bitubekk i Telemark bilruter køyrer skulebussen på Neslandsvegen totalt seks gonger kvar dag.
– Vegen er veldig dårleg. Etter Fiskestigen (vegen frå Hylland til Øyfjell. Red. merk.) er det den verste i heile området. I sommar måtte bussen på service og få skifta mange delar – den var heilt sundrista. Heile vegen er berre hol, men verst er trestubbane som blir pressa opp av klaken. Stubbane stikk så høgt opp i vegen at dei nesten må sagast ned att, seier den erfarne bussjåføren.
Det verste området er partiet frå akademiet og vidare ned mot Neslandsgrend, sjølv om heile vegen er smal og svingete, meiner han.
– Vinterstid er det stort sett greitt brøyta, men det er den siste vegen som blir strøydd og den fyrste som blir glatt, sidan han er svært utsett når fønvinden står på frå rette sida. Då likar eg meg ikkje. I tillegg til å vere smal og svingete, skrår vegen slik at ein lett kan gli utfor, seier Bitubekk.
– Sjølv kjenner eg vegen så godt at eg veit kor forsiktig eg må køyre og kvar eg må vere ekstra oppmerksam. Møter ein bil i dei vanskelegaste svingane, kan farlege situasjonar lett oppstå, meiner sjåføren.
Han seier dei har vurdert å ikkje køyre denne ruta lenger, men at det likevel ikkje er noko alternativ, sidan mange elevar er avhengige av skuleskyss til Rauland skule. Dessutan er det mange elevar ved høgskulen som også brukar bussen.
– Men det er mest så eg gruar meg kvar gong eg skal køyre denne strekninga, sukkar Bitubekk.
Ingen planar for vegen
Det er fylkeskommunen som har ansvar for vegen. Då VTB tok kontakt, var alle på den aktuelle eininga på ferie. Fylkesrådmann Rolf Helge Grønås måtte difor svare på generelt grunnlag, sidan han ikkje kjenner til denne vegen spesielt.
– Etter å ha kikka kjapt gjennom handlingsprogrammet for fylkesvegplanen 2011-2014, finn eg ikkje denne vegen nemnd. I planen deler ein inn vegane i tri kategoriar: Strategisk viktige, viktige og øvrige vegar. Eg har ikkje oversikt over kva type veg den aktuelle vegen er, men det er politisk semje om å prioritere dei to fyrste kategoriane. Men eg forstår sjølvsagt godt at sjølv om ein veg er klassifisert under øvrige vegar, er han strategisk viktig for dei som bur der, seier Grønås.
Han seier det blei gjennomført ein ganske grundig gjennomgang før planen blei sendt ut på høyring.
– Det kom ikkje mange protestar på forslaget vårt til fylkesvegplan 2011-2019. Verken Vest-Telemarkrådet eller Vinje kommune har nemnd noko om denne vegen spesifikt, seier han, og viser til kartet der vegane er delt inn i kategoriar for å finne ut av kva type veg Neslandvegen er.
I fylgje dette kartet er Neslandsvegen klassifisert som strategisk viktig. Den biten av vegen mellom Åmot og Rauland som går mellom Neslandskrysset og Rauland sentrum og som fungerer som hovudveg, er klassifisert som øvrig veg, sjølv om det er dette som faktisk er hovudvegen Fv 37. Vegstrekninga har dessutan fått feil vegnummer og blir kalla Fv 852 – som er Neslandsvegen sitt nummer. Då VTB fann ut dette og ville kontakte Grønås for ein oppfylgingskommentar, var han gått for dagen.
– Stor lokal betydning
I samband med utarbeidinga av fylkesvegplanen for 2011-2014, kom Vest-Telemarkrådet med fylgjande høyringsuttale:
«Ut i frå dagens situasjon med manglande økonomiske ressursar sluttar Vest-Telemarkrådet seg til dei strategiske grepa som er foreslege i planen. Rådet vil imidlertid peike på at dei «øvrige» fylkesvegane har stor lokal betydning og finn grunn til å minne om at alle vegane må ha ein standard som oppfyller krava til tryggleik og framkomme.»
Artikkelen er publisert 31/07-2010
|
Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
|