Torsdag
23/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Nyfikne på privatskule








Seljord kommune må spare pengar i skule- og oppvekstsektoren. – Nok ein gong fryktar me for skulen i Åmotsdal. Nå vil me sjå om ein montessoriskule kan vere framtida, seier Gunnar Snarteland.




Gunnar Snarteland, engasjert åmotsdøl og småbarnspappa, er lei truslar om skulenedlegging i heimbygda.
– I Åmotsdal byggjer me nye hus og bidreg til vekst i folketalet. Blir det ikkje skule her, blir det ikkje busetnad. Alt handlar ikkje om Brøløs, seier ein oppgjeven Snarteland.
Tysdag inviterar FAU ved Åmotsdal skule til informasjonsmøte på grendehuset med privatskule som tema. Kan ein montessoriskule vere ei skuleløysing i Åmotsdal?
– Å lære meir om ei framtid med privatskule i bygda, er ein del av kampen om å overleve i Åmotsdal, meiner Snarteland.
Grunnen til at Snarteland og FAU set privatskulen på dagsordenen tysdag kjem av prosessen Seljord kommune nå jobbar med.
– Me kjenner at me må vere på og gå litt hardt ut, seier Snarteland.

Ein skule kan ryke
Seljord kommune må spare to millionar kroner innanfor skule- og barnehagesektoren, og ei gruppe ser på alternative måtar ein kan spare kronene på. Kommuneadministrasjonen har tidlegare lagt fram elleve ulike alternativ for framtidas struktur. Snarteland hevdar det bare er to alternativ att.
– Det eine er å behalde barneskulen i Flatdal og Seljord og ha ungdomsskulen i Seljord, det andre framlegget er å behalde barneskulen i Åmotsdal og Seljord og ungdomsskulen i Seljord. Med andre ord; leggje ned anten Flatdal eller Åmotsdal skule, fortvilar Snarteland.
– Skulen vår har 26 elevar i dag, eit solid elevtal og av dei beste på mange år. Nå må me vere føre var og sjå om der finst andre løysingar, eg blir i alle fall bare irritert av måten kommunen legg denne saka fram på, seier Snarteland.

Stadig auke
Den fyrste montessoriskulen i Noreg blei starta i 1989, i dag er det 47 av dei i landet. Den fyrste montessoribarnehagen blei starta i Noreg i 1969.
I Telemark er det mellom anna starta montessoriskule med 16 elevar på Helgen på Ulefoss, og til hausten startar Tinn montessoriskule. Så langt har skulen motteke 16 elevsøknadar, men det er høve til å ta inn 30 elevar på skulen.
På folkemøtet tysdag kjem leiar for montessoriskulen i Tinn, Toril Dale, til Åmotsdal. Ho vil fortelje om prosessen med å starte opp ein eigen skule basert på montessoripedagogikk.
På søknadsskjemaet til montessoriskulen i Tinn står det at dei skal bruke naturen, kulturlandskapet og ta inn kunnskap og tradisjonar frå lokalmiljøet. Dei peikar på at montessoripedagogikken har tilrettelagt læringsmiljø, materiell, konkretisering og observerande lærarar, og at læringsmåla er dei same som i den offentlege skulen.

Kvifor montessori?
Snarteland fortel at han har høyrd mykje bra om montessoriskular den siste tida, og
har henta inn mykje informasjon om den private skulen.
– Det kan vere eit alternativ for oss, det er difor gledeleg at Toril Dale vil fortelje kva erfaringar dei har så langt med å starte denne skulen i bygda si. Me er nysgjerrige på fordelar, ulemper, korleis ein slik skule fungerar, pedagogikken og høyre om dette kan vere det rette for oss. Me er leie av å vere i nedleggingsprosessen gong på gong, det er ganske slitsamt, seier Snarteland.

– Me skal ha ein open prosess
Rådmann Per Dehli gjorde i formannskapet torsdag greie for framdriftsplanen til strukturgjennomgangen innan skule- og barnehagesektoren i Seljord. Målet med prosessen er å spare to millionar kroner.
Det har kome reaksjonar til politikarar og administrasjon der det blir hevda at det er ein lukka prosess. Det avviste rådmannen.
– Dette er ikkje noko administrasjonen gjer på eiga hand. Politikarane er tidleg med i prosessen. Administrasjonen kjem med innspel til den politiske styringsgruppa. Me har ein så open prosess som me kan, men me må få lov å gjere nokre reknestykke utan å ha med alle innbyggjarane, sa Dehli.
– Det vil bli meir enn nok tid til å kome med innspel. Mange har rett til å meine noko, og det vil dei få, sa Dehli.
Styringsgruppa som arbeider med saka hadde sitt fyrste møte i april, og skal ha eit nytt møte 16. mai. Innstillinga frå styringsgruppa vil bli sendt ut til høyring.


Artikkelen er publisert 05/05-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild