Fredag
24/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Nakne flaggstenger


Vaiar i vinden: Det blei flagga på skulen på Dalen.

På offisielle flaggdagar har det fleire gonger skjedd at flagg ikkje har blitt heist alle stader frå offentlege bygg og eigedomar i Tokke. No skal kommunen sjå nærare på flaggrutinane.




Sist tysdag var det 67 år sidan Noreg blei eit fritt land. Då var andre verdskrigen over, og 8. mai blei såleis ein merkedag, og sjølvsagt offentleg flaggdag. Ved Åmdals Verk samfunnshus stod likevel flaggstonga naken denne dagen, akkurat som ho gjorde 1. mai og andre flaggdagar. Stort sett har det berre vore flagga 17. mai, og då er det den lokale 17. mai-komiteen som har passa på at flagget har gått til topps. Og valstyret har sytt for at flagget blir heisa og fira på valdagar.

Manglar folk
– Det er nokre stader i kommunen der me ikkje har folk frå etaten til dagleg, og det gjer det litt komplisert å fylgje opp alle offentlege flaggdagar. Og eg trur heller ikkje at me har plikt til å flagge frå andre bygg enn dei statlege, seier Tone Midtbø, konstituert teknisk sjef i Tokke kommune.
På heimesidene til Universitetet i Bergen finn me oversikt over dei offisielle flaggdagane, og det står også å lese at det frå offentlege bygningar og eigedomar er påbode å flagge på offisielle flaggdagar. Dermed er det definisjonen av offentlege bygningar som avgjer om påbodet gjeld eller ei. Akkurat den definisjonen var det vanskeleg å finne, og det blei til slutt Utanriksdepartementet som måtte svare.

Ikkje påbod for kommunane
– Det er statens bygg og eigedomar som skal fylgje påbodet. Kommunane er ikkje pålagt flaggpåbod etter flaggforskrifta, men det har vore vanleg at dei fylgjer ho. Dei fleste kommunane har eigne flaggforskrifter, men som sagt er det vanlegvis slik at kommunane også flaggar frå sine bygg og eigedomar, opplyser underdirektør i Utanriksdepartementet, Arthur Knutsen.
8. mai vaia det norske flagget på skulen, helsesenteret og etter kvart også kommunehuset på Dalen. Den siste staden kom flagget rett nok opp i siste liten, men på plass var det i alle fall.

Vurderer rutinane
– Det er viktig for oss å sjå nærare på rutinane på dei stadene me ikkje har fast personell tilstades. Elles i kommunen har me rutinar som fungerar, seier Midtbø.
– Kan det vere aktuelt å kontakte lag og foreiningar på dei stadene kommunen ikkje har faste folk?
– Det er absolutt eit alternativ me vil vurdere, og nokre stader er det faktisk slik i dag, svarar ho.
Det er menneskeleg å gløyme, og for privatpersonar gjeld ikkje flaggpåbodet.
– Eg meiner absolutt at det bør flaggast på offentlege flaggdagar, og me må ha gode rutinar for dette. Eg er viss på at teknisk etat, eller utviklingsetaten som det no heiter, tek seg av dette, kommenterar Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.


Artikkelen er publisert 10/05-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild