|
Onsdag 22/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ibsen kom siglande på bylgjene blå
 På veg: MS «Henrik Ibsen» på veg mot bryggja på Dalen.
|
Fredag var årets fyrste kanaltur for MS «Henrik Ibsen». Det var folksamt på Dalen bryggje då kanalkongen la til kai til tonane av Norsk Jegermars frå musikkorpset.
Stein Olav Lie redaksjon@vtb.no
Sju år gamle Gunnhild Moen Lofthus og eitt år eldre Andrea Gulseth stod klare med kvar si korg med flotte nellikar då den høgreiste og stolte MS «Henrik Ibsen» nærma seg bryggja på Dalen. Dei skulle nemleg overrekkje blomar til årets fyrste passasjerar som gjekk i land på Dalen.
– Me er litt nervøse no, men det går nok bra, smilte dei tappert då det var like før kanalbåten klappa til kai.
– Litt vår båt
– Om MS «Victoria» er dronninga på kanalen, er jammen MS «Henrik Ibsen» kongen. Me føler nok at denne båten er litt vår også, og me må rette ein stor takk til Thor M. Halvorsen som er mannen bak båten, og hotellet sjølvsagt, sa Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid, då ho ynskte båt med mannskap og passasjerar velkomne til Dalen.
Skipper Helge Øverbø fekk også ein blomsterbukett av blomsterjentene Moen Lofthus og Gulseth.
Optimistisk hotell- og båteigar
Nemnde Halvorsen er optimist med tanke på årets sesong både for Hotel Dalen og kanalbåten.
– Det ser lovande ut, og prognosane for overnattingar på hotellet tilseier ein auke på 20 prosent over fjoråret, som også var eit greitt år. Eg føler me er i siget no, og det skjer mykje langs kanalen i sommar. Ikkje minst vil mediedekninga gjennom programma «Kanalen – minutt for minutt» og kanskje også «Gøy på landet» bety mykje. Me skal vise oss skikkeleg fram, smilte Halvorsen.
Satsar på 10.000
I fjor var det 6.500 passasjerar på Ibsen. Halvorsen ser føre seg at det bør vere mogleg å auke passasjertalet monaleg.
– I fjor var båten ute av drift store delar av juli. No slår eg til og seier me bør nå 10.000 passasjerar i 2012. Når me eit slikt tal er me tilbake til dei åra med best belegg på kanalen, slo den satsande forretningsmannen fast.
Det er ikkje berre båten og hotellet som opptek eigaren i desse dagar. No har hotellet også kjøpt det gamle soknehuset på Dalen. Bygningen skal få eit andletslyft og innvendig skal det bli leilegheiter for dei tilsette på hotellet.
– På den måten er me sikra at dei tilsette får gode buforhold. Skal me drive eit bra hotell, må også fasilitetane for dei tilsette vere bra. Leilegheitene skal bety kvalitet, og så slepp me ut på leilegheitsmarknaden. At dei tilsette blir samla, og dermed blir betre kjent med kvarandre, oppfattar eg også som positivt for arbeidsmiljøet, forklarte Halvorsen.
Artikkelen er publisert 22/05-2012
|
Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten

|