|
Fredag 24/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Nye aksjonar frå bøndene
 Står opp: – Det er på tide me reiser oss og seier frå om korleis stoda er for norske bønder, seier Hallvard Nordskog (t.v.), Gunleik Mæland og Olav Lind.
|
Medlemer i Seljord bondelag aksjonerte laurdag utanfor to av dei større forretningane i bygda. – Me ynskjer å orientere om situasjonen, seier leiar i Seljord bondelag, Gunleik Mæland.
Stein Olav Lie redaksjon@vtb.no
– Me ynskjer å forklare bakgrunnen for at det blei brot i forhandlingane om ny jordbruksavtale. For oss er det viktig å skape tillit, og folk har krav på å vite kvifor det blei brot, seier Gunleik Mæland, leiar i Seljord bondelag.
Utanfor Telesenteret laurdag står han saman med eit par–tri andre bønder, og jammen har dei ikkje med seg nokre dyr også.
– Me tok med oss nokre kopplam og ein telemarkskalv, smiler Mæland.
Store skilnader
Bakgrunnen for brotet i forhandlingane, var det store gapet mellom tilbod frå staten, 13.000 kroner meir per årsverk, og kravet frå bøndene på 51.000. Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) uttala sist tysdag at han var skuffa over at det blei brot, sidan han hadde meir å tilby enn tilbodet.
– Då synest eg det er dårleg gjort av ministeren å seie det etterpå. Hadde han teke oss på alvor burde tilbodet vore betre i utgangspunktet. Det blir rett og slett for dumt å seie noko slikt, seier Mæland.
Han forklarer at prisen bonden fekk for ein liter mjølk i 1980 var 2,50 øre. Utsalsprisen var då 5 kroner. I dag får bonden 5 kroner literen, medan utsalsprisen er 15 kroner.
– Det er eit tydeleg døme på at det er vanskeleg å få bondeyrket til å vere leveleg. Utgiftene våre både i form av fôr har auka monaleg meir enn det mjølkeprisen har stige. Det er ikkje samanheng i dette, og me sakkar akterut til dei grader, sukkar Mæland.
Mattryggleik
I dag er Noreg om lag sjølvforsynt med 50 prosent av matvarene. For å auke denne delen, slik styresmaktene ynskjer i fylgje landbruksmeldinga som kom i fjor, meiner Mæland at bøndene må stimulerast mellom anna gjennom større inntekter.
– Når dei gjev uttrykk for at mattryggleiken skal sikrast og aukast, noko som i praksis betyr auka sjølvforsyningsgrad i dette landet, må det kome fram i tilboda frå staten. Det gjer det ikkje, og ein kan vel heller seie at me blir provoserte. Det er på tide at bøndene reiser seg og seier klart frå, meiner Mæland.
Franske metodar?
Han får støtte av Hallvard Nordskog som driv med korn. Var det opp til Nordskog, hadde det blitt endå tøffare aksjonar enn det bøndene i Vest-Telemark har gjennomført så langt.
– Eg skulle gjerne brukt same virkemidla som bøndene i Frankrike har gjort når det har vore brot der. Blokkader og harde tak har prega handlingane til dei franske bøndene, og då får dei i alle fall merksemd så det held. Men eg får halde meg i skinnet og oppføre meg, enn så lenge i alle fall, smiler han.
Levande bygder
Dei aksjonerande bøndene meiner eit aktivt landbruk er avgjerande for å ha levande bygder, og for å ha den nødvendige mattryggleiken, som også styresmaktene vil ha, men ikkje legg til rette for.
– I tillegg er det viktig at landbruket og husdyrhaldet kan leve vidare med tanke på at landet vårt er i ferd med å gro att. Blir det særleg fleire som gjev seg med dyr, ser me snart ikkje att noko av landskapet i regionen vår, seier Mæland.
Aksjonerte i Oslo
I går sette fleire av bøndene i Vest-Telemark seg på ein av bussane som bønder i heile fylket har leigd for å kome seg til hovudstaden for å aksjonere.
– Det kjem bønder frå heile landet og me blir fleire tusen som skal vise vår misnøye med tilbodet frå staten. Me skal ikkje køyre traktor innover, men eg har høyrt at det er lange kolonnar med traktorar på veg i dag laurdag, seier Nordskog.
Bøndene aksjonerte også utanfor Rema 1000 i Seljord, og Mæland er fornøgd med tilbakemeldingane dei har fått.
– Det er nesten rørande å høyre alle dei som stør oss. Det betyr mykje for oss, og mange blir svært overraska når me presenterer fakta for dei, seier leiaren i Seljord bondelag.
Artikkelen er publisert 22/05-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|