Onsdag
22/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Skuleutfordring har fyrsteprioritet


Nøgd: Kjersti Vevstad er godt nøgd med prosessen til no for å få ned det høge talet på elevar som får spesialundervisning ved skulen i Treungen.

I Nissedal blir det jobba hardt for at kommunen ikkje lenger skal vere i landstoppen med prosentvis størst tal elevar med spesialundervisning.




I ti år har skulen i Treungen lege på topp i Telemark når det gjeld tal på elevar som må ha spesialundervisning. Ein av fire elevar i bygda fekk slik hjelp i fjor, og det gjer at kommunen også er i landstoppen.
– At det var mange som fekk spesialundervisning var ei utfordring som blei overlevert meg då eg byrja som einingsleiar for skulen i Nissedal kommune. Problemet har no fyrsteprioritet, og me har kome så langt at kommuneleiinga veit korleis me skal gripe saka an, seier Kjersti Vevstad.
Skulen har nytta for mykje assistenthjelp, i staden for lærarar med kompetansen som trengst.
– Det er viktig å påpeike at me snakkar om sak og ikkje personar. Me er veldig godt nøgde med assistentane. Dei gjer gode jobbar – som assistentar. Det er naturleg at dei ikkje har kompetansen som krevjast for å jobbe som lærarar. No treng me fleire lærarar framover for å få ned talet på elevar med spesialundervisningar. I fyrste omgang vil me på sikt gjere om tri assistentstillingar til lærarstillingar, seier Vevstad.
Ei slik løysing fører ikkje til oppseiingar. Kommunen, tilsette og fagorganisasjonane skal lage ein plan som mellom anna skal vise tida det vil ta å gjere omorganiseringa i bemanninga.

Disharmoni
I slutten av november i fjor byrja ei breitt samansett gruppe på 16 personar å jobbe med skuleproblemet. Både ordføraren, rådmannen, skuleleiarar, Vest-Telemark pedagogisk-psykologiske teneste (PPT) og Lillegården kompetansesenter har delteke i det viktige arbeidet. Lillegården er eit landsdekkjande spesialpedagogisk kompetansesenter som arbeider med å fremje positivt læringsmiljø i skulane.
Gruppa har hatt fem møte. Det er slått fast at omtrent all spesialundervisning i kommunen er sentrert til skulen i Treungen. Delen spesialundervisning er lågast i barnehage og småskule, og høgare på mellomtrinnet og ungdomsskulen. Det harmonerer ikkje med kravet om tidleg innsats.
Gruppa har kome fram til fleire konklusjonar og forslag til tiltak. Det er slått fast at ein del spesialundervisning blir utført av assistentar og ikkje lærarar.
Ein veit at det er ein god del lese- og skriveproblematikk blant elevane som får spesialundervisning. Vidare er det noko åtferdsproblem, og tilrådinga er å bruke pedagogisk metode og verktøy i båe utfordringane.
PPT meiner ein skulle brukt meir lærarressursar enn det som har blitt tilrådd. Så er det bare slik at skulen har for få lærarressursar og for mange assistentressursar til å fylle behova og utfordringane.
Det er laga ein kompetanse- og bemanningsplan slik at assistenthjelp ikkje lenger skal ta seg av pedagog- og undervisningsoppgåver. Kommuneadministrasjonen spør no kommunestyret om lov til å oppbemanne lærarressursane i takt med nedbemanning av assistentressursane.
– Det har blitt brukt feil bemanning på særskilde oppgåver i skulen i lengre tid. Den utviklinga må me snu, skriv Vevstad i bemanningssaka kommunestyret skal handsame torsdag.

Veldig fornøgd
På skulen i Treungen er det 425 prosent faste assistentressursar og ei 75 prosent mellombels stilling. Ynsket er at politikarane seier ja til at sistnemnde ressurs blir gjort om til lærarressurs frå august. Det vil auke utgiftene med 150.000 kroner i året.
Seinare er planen at ein også gjer om 225 prosent assistentressursar til lærarressursar.
Assistentressursen som står att skal primært jobbe i skulefritidsordninga og elevkantina framover.
– Eg er veldig fornøgd med prosessen til gruppa så langt, og det er ein draum å jobbe med ein ordførar og ein rådmann som forstår problemet i skulen. Det same meiner Lillegården også. Me har med oss det beste kompetansesenteret i landet, og PPT er veldig flinke. Om ti år skal me vere blant dei lågaste i landet på elevar med spesialundervisning, seier Vevstad til VTB.


Artikkelen er publisert 16/06-2012

Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten