|
Sundag 19/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Saman om minna
 Heldt saman: Dei frammøtte utanfor ungdomslokalet på Dalen heldt rundt kvarandre då dei mintest Eivind Hovden som blei drepen 22. juli i fjor.
|
15 år gamle Eivind Hovden frå Tokke var blant offera då terroren kom til Noreg 22. juli i fjor. Sundag, eitt år etter, samla 300 personar seg utanfor Elvarheim på Dalen til minnemarkering. – Eivind var ein fantastisk person, seier ungdomsklubbleiar Tor Øystein Gravdal.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Eivind Hovden drog med eit smil og gitaren under armen til den fyrste sommarleiren sin på Utøya i fjor sommar.
15-åringen frå Midjås på Dalen kom aldri att.
Han blei ein av dei 77 offera i terroraksjonen som ramma Oslo og Utøya 22. juli i fjor.
Engasjert unggut
Kring 300 menneske møtte sundag opp utanfor ungdomslokalet Elvarheim på Dalen. For å minnest. Minnest Eivind og dei 76 andre som mista livet denne dagen. Med faklar og roser, «Barn av regnbuen» og «Til ungdommen» blei det ei verdig minnemarkering.
Ordførar Hilde Alice Vågslid fortalde om ein politisk engasjert unggut som ville hjelpe til i den komande valkampen. Eivind var den einaste aktive i Tokke AUF, og var mellom anna oppteken av likestilling, kunne ordføraren fortelje.
– Og så skuter sjølvsagt, sa Vågslid, og la til at han hadde planlagt eit innlegg om motorferdsel på Utøya.
– Eg ser han for meg med cap og eit stort smil, og med colaflaska på baklomma, sa Vågslid frå scenen.
Ordføraren snakka om dagen som endra landet. 22. juli som er spikra på netthinna. Då det ufattelege ramma landet. Og om responsen på terroraksjonen.
– Det var eit land i sorg, men me stod saman og svara med rose- og fakkeltog. Svaret var eit meir ope samfunn. Me er eitt folk. Det såg me også i Tokke. Bygda, kommunen og heile Vest-Telemark stod saman i tragedien på minnesamling og i fakkeltog, sa Vågslid.
Aldri meir
I talen mintest ho også Silje Merete Fjellbu, den andre frå Telemark som blei drepen 22. juli, og dei andre offera i terroraksjonen. Ordføraren bad om at verdiane, ideane og engasjementet til dei unge blir ført vidare.
– Etter krigen blei det snakka om «aldri meir 9. april». No er det «aldri meir 22. juli», sa Vågslid, før ho avslutta med dei etter kvart kjende orda etter dei grufulle handlingane:
«Om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen».
Johnny Kvaale Bjerk leia allsongen sundag. Nilia Kamilla Storøygard Lie, Nilia Storøygard og Vilde Momrak heidra minnet etter Eivind med å spele songar som betydde mykje for han. «Wonderwall» av Oasis og «Idyll» med Postgirobygget blei framført av trioen, før Tokke-ordføraren avduka minnesmerket som er laga av kunstnaren Nico Widerberg og gjeve av ein anonym. Det blei lagt ned kransar frå kommunen, ungdomsklubben og kulturskulen, før ei lang rekkje frammøtte kom for å leggje blomar ved minnesmerket.
Fantastisk person
Få er tettare på ungdomane i Tokke enn Tor Øystein Gravdal. Han er leiar av ungdomsklubben på Dalen og innrømmer at det har vore eit annleis år.
– Det har vore tøft. Ingen tvil om det. I tida etter 22. juli var dørene på ungdomsklubben døgnopen. Det blei tent faklar og ljos, seier Gravdal, og legg til at han synest minnesmerket har fått ein naturleg plass og at det blei ei verdig markering.
– Korleis minnest du Eivind?
– Han var ein fantastisk person. Han blei flink på det han gjorde, og me saknar han veldig, seier Gravdal.
Heidra av favorittbandet
«Dedicated to the memory of Ryan Dunn and Eivind Volvo Hovden. R.I.P» står det på plateomslaget til comebackalbumet til Turboneger. Eivind Hovden var ein stor fan av det populære bandet, og som ein gest har bandet dedisert albumet til Hovden.
– Han var ein av dei yngste som blei skoten på Utøya. Han var eit «Turbo-barn». Så det er ein gest til ein av våre som blei tatt. Alle på Utøya var våre, mine og dine, uttala Thomas Seltzer i intervjuet med Dagsavisen tidlegare i sommar.
Ryan Dunn var ein profilert Turboneger-fan som mista livet i ei bilulykke i fjor.
Artikkelen er publisert 24/07-2012
|
Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten

|