Torsdag
23/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Minst vald i Vest-Telemark


Mindre kriminalitet: Vest-Telemark har mindre kriminalitet enn snittet for både fylket og landet. Det slår politiet i Telemark fast i ein fersk rapport. Hytteinnbrot er ei av dei større utfordringane i regionen. (Arkivfoto)

Fyresdølane er mest lovlydige av telemarkingane, og Bø har det høgste talet på brotsverk i fylket. Vest-Telemark har færrast melde valdssaker, viser tal frå politiet i Telemark.




Talet på melde brotsverk i Vest-Telemark gjekk ned i 2011, og nedgangen held fram i 2012, skriv politiet i Telemark i ein fersk rapport.
– Det som skil seg mest ut når det gjeld kriminaliteten i Vest-Telemark, er at det er ein svært trygg plass å bu. Det er lite kriminalitet her, og brotsverka er mindre alvorlege. Det gjeld både når ein samanliknar med heile fylket og landet, seier konstituert politimeister i Telemark, Rita Kilvær.
Ho peikar på hytteinnbrota i regionen som ei av dei største utfordringane i vestfylket.
– Her i Telemark har me ei eiga gruppe som arbeider mot mobile vinningskriminelle, og set desse brotsverka i samanheng. Dei plukkar saker frå heile distriktet. Det gjeld å ikkje sjå kvart enkelt innbrot for seg, men å setje dei i samanheng for å ta dei aller mest aktive kriminelle. Denne prioriteringa av ressursar gjer at det kan det gå utover oppklaring av andre melde brotsverk, seier Kilvær.

Mindre ungdomskriminalitet
Telemark politidistrikt ligg litt over landssnittet for meldte brotsverk per tusen innbyggjarar, men nærmar seg stadig landsnivå. Særleg merkbar er nedgangen i vinningskriminalitet, i fylgje halvårsrapporten.
– Det er innan vinning, vald og trafikk me ligg noko over landssnittet. Men når det gjeld trafikken, skuldast desse brotsverka at me har to store gjennomfartsårer i E18 og E134. Så det er ikkje telemarkingane som skal få skulda for det talet, seier Kilvær.
Barne- og ungdomskriminaliteten er også kraftig redusert i seinare år, og politiet forklarar nedgangen med samarbeid på tvers av etatar, oppfylgingsteam og ungdomsstraff som straffereaksjon. Sakshandsamingstida for saker der gjerningspersonen er under 18 år er kort – det nasjonale målkravet er 42 dagar, medan ein i Telemark i snitt må gå i berre 22 dagar før saka er ferdighandsama.

Skil seg positivt ut
Vest-Telemark under eitt skil seg positivt ut på kriminalstatistikken. Talet på melde valdssaker i vestfylket er 35, medan totalen for heile Telemark er 1070 for 2011. Dermed har litt over 3 prosent av valdssakene i fylket skjedd i Vest-Telemark, der om lag 8 prosent av telemarkingane bur.
Rapporten fortel også om talet på brotsverk i kvar av telemarkskommunane. Der tronar Bø på toppen, med 78,5 brotsverk per 1000 innbyggjarar. Porsgrunn, Skien og Bamble fyller dei neste plassane, før Seljord fyller femteplassen med 57,9. Nissedal ligg på 42, Vinje på 36,3, Tokke på 34,1, Kviteseid på 29,6 og Fyresdal ligg heilt nedst med 21,5 brotsverk for kvar tusen innbyggjar.
I oppsummeringa av rapporten står det ikkje noko om samanliknbare tal for Telemark under eitt og heile landet for 2011, men Kilvær opplyser at Telemark i 2010 hadde 58,6 brotsverk per 1000 innbyggjarar, medan gjennomsnittstalet for heile landet var 55,7 per 1000 innbyggjarar.


Artikkelen er publisert 24/07-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild