|
Torsdag 23/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Samla seg om folkemusikk
 Folkemusikkband: Frå venstre: Ingrid Listaul, Kasper Sveinsson, lærar Kjetil Flatland, Helge Amdal Telnes, Ingrid Gjerlid, Silje Østensen og Maria Grave.
|
Sist veke var 32 unge samla på folkemusikkurs i Seljord. Dei fekk vist seg fram for både festivalpublikum og familie.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Seks seljordingar øver saman i eit av romma på folkehøgskulen i Seljord. Dei har valt kurstilbodet «folkemusikkband», ein sjanger som er i rivande utvikling. Då VTB var innom øvde dei på ein vanskeleg amerikansk vals, men læraren konstaterte at elevane lærte fort.
– Dei er flinkare enn planlagt, smiler Kjetil Flatland.
– Men det gjer at me kan gjere meir enn eg hadde trudd, legg han til.
13-åringane Kasper Sveinsson og Helge Amdal Telnes spelar til vanleg i kulturskulebandet «Homasapiens». Ingrid Gjerlid (14), Silje Østensen (14) og Maria Grave (15) utgjer felegruppa «Vimsut», medan Ingrid Listaul (13) også har erfaring frå band.
Fart og spenning
Lars Halvor Bergan (12) frå Jondalen og Even Westeng (13) frå Gransherad er også på kurs i Seljord. Lars Halvor er fyrstereis på Ungfolk, medan Even har vore med på kursveka fire gonger. Dei unge dansarane trivst i folkemusikkmiljøet.
– Me driv mest med lausdans, seier dei to, før dei syner fram eit imponerande repertoar.
– Kvifor lausdans?
– Fart og spenning, svarar dei to.
– Sjølv om det er lange dagar er det veldig gøy her i Seljord, ein blir kjent med mange. Det er ein fin del av sommarferien, meiner dei.
Fredag ettermiddag stod dei på scenen i Gullbring i Bø. Her viste dei seg fram for telemarkfestivalpublikummet. Då VTB prata med dei dagen før framsyninga var dei lite prega av nervar.
– Det blir moro å vise alt me har lært på kort tid, seier dei.
Samansveisa gjeng
Ingrid Heieren er ein av instruktørane på Ungfolk som i år tel 32 deltakarar og 7 lærarar. Dei fleste deltakarane kjem frå Telemark, men det er også gjester frå Buskerud på den niande Ungfolk-veka.
– Det er ein utruleg samansveisa gjeng. Høgdepunkta er festivalen i Bø og kappleiken her på laurdag, seier Heieren.
Ho har hatt ansvaret saman med Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Seljord. Dei to går saman på musikkhøgskulen i Oslo. Båe studerer folkemusikk; Ingebjørg kveding og Ingrid hardingfele.
God gjennomføring
Laurdag var det familiane til dei unge folkemusikarane som fekk ein smakebit av kva dei håpefulle hadde lært i løpet av veka. Det var totalt 21 sceneinnslag på folkehøgskulen.
– Me har sett mykje fint denne veka. Det er kjempetrivelege ungar, introduserte Lognvik Reinholdt.
Og dei scenevande unge var godt fornøgde med dagen.
– Det var ei god gjennomføring, konstaterte Helge Amdal Telnes då VTB trefte han att etter laurdagens kappleik.
Ungfolk
– Sommarkurs på folkehøgskulen i Seljord for folkemusikkinteresserte i alderen 8 til 20 år.
– Folkemusikkband, fele, dans, kveding var blant kurstilboda.
– Blei i sommar arrangert for niande gong.
Artikkelen er publisert 24/07-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|