Sundag
19/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Fjellvandringas ukjende far


200 år etter: I 1812 la Christen Smith ut på det som blir kalla den fyrste norske reine vitskapsekspedisjonen, og som Den norske turistforenings Claus Helberg har kalla «den fyrste verkelege norske fjellturen». Måndag blir det markert med eit arrangement på Mogen turisthytte på Møsstrond. Argehovd på Møsstrond var utgangspunktet for ekspedisjonen på Hardangervidda. (Privat foto)

Høyrd om Christen Smith? Ikkje? Du er ikkje åleine. No har du sjansen til å bli kjend med Noregs fyrste internasjonale kjendis.




Hardangervidda, 1812: To velkledde og av utsjånad ungdommelege herrar slit seg over ei av slepene på Hardangervidda. Regn og sludd legg ei hinne over kleda deira, sivar inn gjennom opningar i lag av vadmål og blandar seg med dampande sveitte. Også utstyret, teiknesaker, kronometer, sekstant og barometer, er vått. Men dei held motet og entusiasmen oppe der dei vassar gjennom blaute myrar, langs fossande elvestryk og over snødekte høgdedrag i eit aude fjellandskap dei berre skimtvis ser konturane av, før det forsvinn i tåka. Den eldste er 27 og norsk. Han har vore i fjellet før. Men for den danske fylgjesveinen hans på 24, må vandringa i desse «… saa øde, vilde, Fieldstrækninger og Sneemarker, men dog saa rige Biergland …» fortone seg som å vandre i ei anna verd. Dei har vore studiekameratar og er gode vener. Året er 1812.
Slik startar journalist Harald Pettersens «Den første fjellturen. En vandring gjennom Kvenna i 1812». Nordmannen som er med på turen er Christen Smith – Noregs fyrste professor i botanikk, grunnleggjar av Botanisk hage på Tøyen i Oslo og landets fyrste «fjellturist.»
Pettersen har lenge vore fascinert av den store vitskapsmannen Smith. Den fyrste vitskapelege fjellekspedisjonen i Noreg, som Smith altså stod bak, har han vore særskilt oppteken av.

Målretta mot Kvenna
Christen Smiths tur går gjennom Telemark og Hardanger i 1812, og målet er hovudsakleg å kartlegge planter på Hardangervidda. Det er dårlege tider i Noreg, som i Europa. Matmangelen er prekær, det er barkebrødstid. Noreg svelt. Samtidig samlar patriotane seg kring tanken om ein ny nasjon – eit eige Noreg. Smith får midlar av «Det kongelige selskap for Norges vel» til to ekspedisjonar, ein på Hardangervidda og ein i Jotunheimen. Han og kompanjongen hans skal altså kartlegge plantelivet, men også gjera barometer- og høgdeundersøkingar, breundersøkingar og vurdere biavl og geiteavlens fortrinn.
4. august 1812 startar dei frå Argehovd på Møsstrond, og målet er Kvennavassdraget. Kvifor Kvenna?
– Eg har all mogleg grunn til å tru at planta kvann var årsaka til at Smith valde å starte her, seier Pettersen.
Han forklarar at legen og botanikaren Christen Smith fekk ideen om å samle inn planter som kunne dyrkast og brukast i matvareproduksjon.
– Kvann er den einaste norske kulturplanta med eit visst internasjonalt ry. Ho er omtalt i sagaene til Snorre og i Magnus Lagabøtes lover. Ekstraktar frå rota til kvann kunne lækje alt, og stengelen kan brukast som grønnsak. I mellomalderen gjekk planta som hakka møkk.

Fyrste kjendisen
Ekspedisjonen til Smith blei bruka som mal for andre vitskapsekspedisjonar i hundre år etter at han døydde.
– I samtida si var han meir kjend enn matematikaren Niels Henrik Abel. Men etter 100 år var han gløymd, fortel Pettersen.
– Eg ser Christen Smith som ein av dei verkeleg store nasjonsbyggjarane våre. Han oppnådde svært mykje på dei 31 åra han levde, og var utnemnt til professor før han reiste på det som blei ein skjebnesvanger ekspedisjon til Afrika.
I 1816 blei Smith hyra med på ein vitskapleg ekspedisjon til Kongo. Dette var den fyrste store engelske ekspedisjonen sidan 1789 – då heitte skipet Bounty …
Smith skulle tiltre som professor i botanikk ved Universitetet i Oslo når han kom heim att. Men slik blei det ikkje. Under ekspedisjonen til Kongo døydde han og dei fleste andre ekspedisjonsdeltakarane av tropefeber.

200-årsmarkering
No skal Smith fram att i ljoset, har Harald Pettersen bestemt. Måndag skal han i samarbeid med Telemark turistforeining markere at det er 200 år sidan Smiths ekspedisjon. Då skal Pettersen kåsere om ekspedisjonen, Smith og Kvennavassdraget, som han har eit nært forhold til. Med seg har han historikar Karsten Alnæs, som skal snakke om Smiths samtid – ei tid då nasjonsbygging stod sentralt. Arrangementet går føre seg på Mogen måndag føremiddag, etter Fjellvåkens fyrste anløp for dagen.


Artikkelen er publisert 02/08-2012

Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten