Sp-toppane Ian Parry-Jones og Anne-Nora Oma Dahle ynskte at ein alt i fyrste kommunestyremøtet etter sommarferien skulle vurdere opning av barnehage på Fjone. Nå må dei vente til budsjetthandsaminga for 2019 om tilbodet kan kome på plass.
Sp-toppane Ian Parry-Jones og Anne-Nora Oma Dahle ynskte at ein alt i fyrste kommunestyremøtet etter sommarferien skulle vurdere opning av barnehage på Fjone. Nå må dei vente til budsjetthandsaminga for 2019 om tilbodet kan kome på plass.

Skulenedlegging enda med barnehagedebatt

Då Nissedal kommunestyre vedtok å leggje ned Fjone skule, køyrde opposisjonen hardt på å få barnehage der. Om tilbodet kjem på plass, vil fyrst vise seg under haustens budsjettarbeid.

Med berre fire elevar på Fjone skule frå hausten av er foreldre i bygda, rådmannen og formannskapet samde om at nærmiljøtilbodet blir avvikla. Ikkje uventa støtta eit samrøystes kommunestyre torsdag ei slik avgjerd.

Usemja blant dei 17 folkevalde i Nissedal gjekk på om fjoneelevane frå hausten av skal høyre til Tveit skulekrins i Treungen eller Kyrkjebygda skulekrins. På vegne av Sp og Høgre foreslo Kristine Sandall (H) at ein vel Kyrkjebygda. Ho viste til at både foreldras arbeidsutval og samarbeidsutvalet på Fjone er klare på at dette er best løysing for elevane i bygda. Ved ei slik løysing legg ein til rette for reell valmoglegheit med omsyn til skule. Vidare sa Sandall at ein vil forplikte fylkeskommunen til å ta økonomisk ansvar for Fjoneferja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan vere med og sikre god drift av ferja framover. Denne moglegheita til å få fylkeskommunen på banen går me glipp av om me vedtek at skulekrinsen blir Tveit, sa Sandall.

Telemark fylkeskommune betaler for skuleskyssrutene dei går inn for å ha. Om elevane på Fjone høyrer til Kyrkjebygda skulekrins, skal fylkeskommunen vere med og dekkje ferjedrifta.

Lang skulehistorie

Anne-Nora Oma Dahle (Sp) samanlikna nedlegginga av Fjone skule med då skulen på Felle blei avvikla. 

Den antikvariske ferja blei eit tema då Nissedal kommunestyret skulle avgjere kva skulekrins elevane på Fjone skal høyre til framover.
Den antikvariske ferja blei eit tema då Nissedal kommunestyret skulle avgjere kva skulekrins elevane på Fjone skal høyre til framover.

– På Felle klarte me å opne barnehage, og det har vist seg i ettertid å vere eit veldig klokt val av kommunestyret, sa Dahle.

På vegne av eige parti, H og Frp kom ho med eit tilleggsforslag om at kommunestyret bed rådmannen kome med ei sak til fyrste kommunestyremøtet etter ferien der ein skal vurdere opning av barnehage på Fjone.

Bjarne Reime (KrF) sa at med det historiske vedtaket i dette møtet var det slutt på 160 år med skule på Fjone.

– Me må sjå framover, det er mange positive ting som skjer på Fjone. Det er fleire unge familiar som har etablert seg med nye hus og restaurert eldre hus, og det blir født tre ungar på Fjone i år, sa Reime. Han støtta forslaget om ei barnehagesak, og sa det er viktig å få på plass eit slikt tilbod på Fjone.

Finansiering

Geir Christian Enger (KrF) varsla at partiet hans er splitta med tanke på forslaget frå opposisjonen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ynskjer barnehagesaka velkomen i budsjettforhandlingane til hausten, og når ho kjem opp kan det godt hende eg vil vere positiv til barnehage, sa Enger, klar på at ein må ha oversikt på totaløkonomien for kommunen neste år før ein gjer ulike vedtak. 

Ian Parry-Jones (Sp) minna om at innbyggjarane på Fjone i eitt år har bede kommunen opne barnehage i bygda.

– Folk på Fjone fortener ei rask avklaring, sa han.

Representanten peika på at ein kan finansiere barnehagetilbodet med årleg innsparing på om lag to millionar kroner ved at skulen blir lagt ned. 

Elles sa Parry-Jones at ved å la elevane på Fjone høyre til Kyrkjebygda skulekrins har ein moglegheita til å få fylkeskommunen på banen til å gje folk på Fjone mykje betre kommunikasjon mot arbeidsmarknaden også nordover.

God heilårsferje

Både Enger og ordførar Halvor Homme (Ap) svara Parry-Jones med at innsparinga ved å leggje ned skulen nok alt er brukt til nyleg vedtekne spesialtiltak i Nissedal-skulen. Haustens meirutgift til slike tiltak er på to millionar kroner. Dahle svara med at det er i dette møtet ein vedtek nedlegging av skulen, og då er det fyrst nå innsparinga er tilgjengeleg.

– Spesialpedagogiske tiltak er noko elevane har rett til, og noko kommunestyret uavhengig av nedlegging eller ikkje må finne pengar til. Har du brukt skulepengane alt vil eg vere veldig bekymra, for det er ikkje god skikk, sa Dahle.

Elles var ho oppteken av å få ei god heilårsferje, noko som mellom anna vil auke busettingsgrunnlaget på Fjone og vil gagne reiselivskommunen Nissedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ei antikvarisk ferje. No har me moglegheita for å sjå på ei heilårsferje, oppgradere ho og få meir robust utstyr slik at me får ei reell vinterferje, sa Dahle.

Homme svara med at det er litt samanblanding av saker.

– Eg kan ikkje sjå at oppgradering av ferje er ein del av saka i dag, sa han.

Dahle var ikkje samd i det. Om elevane på Fjone høyrer til Kyrkjebygda krins, minna ho om at fylkeskommunen blir med og kostar ferjedrifta med tanke på skuleskyssen.

– Derfor er ferja ein viktig del av debatten, sa Dahle. 

Skuldar innbyggjarane 

Ordføraren slo fast dette kring spørsmålet om barnehage:

– Er det noko KrF og Ap har lyst å få til, er det barnehage på Fjone.

Men Homme var klar på at ein må vente med å vurdere ei slik sak til budsjettarbeidet startar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jørgen O. Nes (Frp) sa at ei sak om barnehagen uansett må kome i budsjettet.

– Eg håpar kommunestyret greier å finne dei kronene slik at me kan opne barnehage på Fjone. Det skuldar me innbyggjarane der, og ikkje minst at me skal ha ein levande kommune, sa Nes.

Under røystinga blei det klart fleirtal for at elevane på Fjone frå hausten av skal høyre til Tveit skulekrins. Sp-politikarane Ian Parry-Jones, Anne- Nora Oma Dahle, Inge Magnus Evja og Liv Irene Mandt Lindvig, og Kristine Sandall (H) og Bjarne Reime (KrF) gjekk for Kyrkjebygda skulekrins.

Ap-gruppa sine sju representantar, Geir Christian Enger og Magne Haugsjå (båe KrF) røysta ned forslaget om at ein i fyrste møtet etter sommarferien skal vurdere opning av barnehagen på Fjone. Dermed vil budsjetthandsaminga vise om det blir barnehage i bygda.