President Lio
I vår blei Kåre Geir Lio (62) valt til ny president i Noregs Handballforbund. Vesttelen er glad for tilliten.
– Me er ikkje så nøye med titlar i Vest-Telemark. Ikkje er me særleg glade i dei heller. Men internasjonalt betyr det mykje, smiler ein solbrun Kåre Geir Lio på hytta si på Skafsåheii.
Lio er opphavleg frå Dalen, men er no busett i Bodø. Han er likevel vesttele på sin hals, og dialekten har han teke godt vare på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var Handballtinget i mai som gav han det prestisjefylte vervet i ein av Noregs tre største idrettar. Spørsmålet om han ville stille som kandidat fekk han før jol.
Lio tok opp klubba etter Karl-Arne Johannessen, og valperioden er på to år. No brukar den nyvalde presidenten frå Tokke tida til å skaffe seg oversikt.
Politisk rolle
– Kva rolle har ein handballpresident?
– Han er den politiske leiaren i idretten ein representerer. Det betyr mange politiske møte både nasjonalt og internasjonalt. Representasjonsoppgåver står også på programmet, og så er presidenten arbeidsgjevaren til generalsekretæren, svarer Lio.
«Jobbar eg ikkje kan»
Sjølvsikker, sympatisk og vesttele-jordnær er kanskje dei rette orda dersom ein skal forsøke å beskrive Kåre Geir Lio.
Som utdanna pedagog og mangeårig leiar i Nordnorsk leiarutvikling (NNL) veit han å rø for seg. Men han gjer det med entusiasme og forståing, og seier sjølv han er audmjuk.
– Eg lærer noko nytt kvar einaste dag. Det gjer du alltid når du er i lag med andre menneske, er forklaringa hans.
– Og eg har nesten alltid hamna opp med jobbar som eg eigentleg ikkje kan, ler han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han viser til at han skruva på bilar på Lio Auto utan å eigentleg kunne det. Neste steg var å utdanne seg som pedagog på lærarskulen på Notodden.
– Då fekk du vel ein jobb du kunne?
– Det kan du seie, men som 18-åring var eg lærar for 16-åringar. Eg kan vel ikkje påstå at eg kunne jobben min godt nok då, svarar han.
Eigentleg ingen handballekspert
Lio har ikkje trenarutdanning i handball. Men litt ballspel blei det på Dalen. Det var handballbane på skuleplassen – på asfalten.
– Eg trena ein yngre bror av meg og nokre av venene hans. Så samla me eit lag og spela kamp mot Rjukan, som var veldig gode på den tida. Me vann. Meir handball blei det då eg kom til Notodden, men det tok liksom ikkje av, forklarer han.
Ballen byrja rulle i nord
I 1980 flytta han nordover og fekk seg lærarjobb. Han spela ein sesong på Bardufoss i 2. divisjon, og fekk spørsmål om han kunne tenkje seg å trene laget. Seinare blei det trenaroppgåver i Sørreisa, Øverbygd og Narvik, før han i 1990 blei henta til Bodø og trenarjobb for damelaget til Junkeren.
– Det var veldig moro å få sjansen. Junkeren var på den tida nærast for eit bydelslag å rekne. Dei beste spelarane frå Narvik blei med til Bodø, og i tillegg til dei som alt var på plass, fekk me eit bra lag. Fire år i 2. divisjon der me spela kvalifisering til 1.divisjon, blei krona med opprykk i 1994, fortel Kåre Geir.
Fleire gode spelarar blei henta til klubben. Blant dei var Tonje Sagstuen. Eigentleg ynskte Lio at Cathrine Svendsen skulle bli Junkerenspelar, men i staden kom Sagstuen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg var på jakt etter ein venstrehendt spelar, og det fekk me med Tonje. Ein god handballspelar, slår han fast.
Tre sesongar leia han laget i øvste divisjonen. Det enda med to 4. plassar og ein semifinale i europacupen. I 1997 gav han seg.
Lang pause
Lio var også styremedlem i Handballforbundet frå 1987 til 1999.
– Etter 1999 har eg ikkje vore involvert i handball i det heile. Det har blitt ei lang pause. Derfor er eg smigra over tilliten eg no har blitt vist, seier Kåre Geir.
– Kva utfordringar har norsk handball dei komande åra?
– Me må halde fram det gode arbeidet som er gjort. Herrelandslaget må nok bli prioritert noko høgare. Me har mange unge, spennande spelarar på gang der, og det blir moro å fylgje med framover. Generelt sett må me utvikle oss til å bli betre, og me må få fleire til å spele handball, svarar han.
Potensiale i Vest-Telemark
I Vest-Telemark er det ikkje mangel på idrettshallar med handballbanar. Likevel er det etter det VTB kjenner til berre Seljord som har lag i aldersbestemte seriespel.
– Det er tre ting som må til for å spele handball: Bane, spelarar og trenar. I Vest-Telemark er det nok mangel på trenarar som gjer at det ikkje er fleire aktive lag, trur Kåre Geir.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har ikkje vore tradisjon for handball i regionen, og derfor er det etter måten få lokale som har mykje kunnskap om handball. Kåre Geir håpar at det ein dag dukkar opp ein handballentusiast som set i gang aktiviteten.
– Kanskje kjem det ein ny lærar til kommunen som har lyst til å starte opp med handballtreningar. Eg meiner vesttelen er som skapt til på bli ein god handballspelar, både fysisk og mentalt, smiler han.
Mange reisedøgn
I jobben som dagleg leiar i NNL har han 180 reisedøgn i året. Det blir truleg ikkje færre i tida som kjem. Men han vil prøve å samordne etter beste skjønn.
– Eg vil sjå nærare på timeplanen etter nyttår, men det skal gå greitt å kombinere båe jobbane. No skal eg fyrst slappe av på hytta. Eg brukar å vere her tre månadar i året. Dette er mitt paradis, seier den nyvalte presidenten i Noregs handballforbund.