No kjem me nok tilbake i den vonde låma
Plutseleg har Nav varsla stopp på kjøp av helsetenester frå eit vellykka prosjekt i Telemark Lys. Alle dei som blir råka av kuttet fryktar tilbakefall til ein vond kvardag.
For eit par år sidan blei Nav med i eit prøveprosjekt som blei starta av Erik Skjervagen i attføringsverksemda Telemark Lys i Fyresdal. Helseprosjektet inneheldt kinesisk medisin som akupunktur og qigong, i tillegg til at det var mykje fokus på kosthald og livsstil. Nysatsinga slo så godt an at Nav slukte kjøpet av kinesisk medisin og helsetenester frå fyresdalverksemda som ei meir fast ordning.
For tida er åtte brukarar med i helsesatsinga til Skjervagen. Fleire gonger i veka møtest dei i Vrådal for å ta imot den spesielle behandlinga som har blitt lagt merke til langt utanfor fylkesgrensa også.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stor skam
I slutten av førre veke fekk brukarane ein beskjed som slo ned som ei bombe. Grunna pengemangel kunne ikkje Nav lenger kjøpe helsetenester frå Telemark Lys. Brukarane som var inne i ein vedtaksperiode kunne gå han ut. Dermed måtte seks personar straks takke for seg, medan dei to siste kunne halde på litt til.
Ingen av brukarane fekk melding frå Nav om bråstoppen, men i staden fekk dei den triste beskjeden frå Telemark Lys.
Det er ei stor skam og heilt på trynet. Me blir avbrotne midt i ei medisinsk behandling. Nav har lova fleire av oss at me kan halde fram til langt utpå hausten. Me hadde ikkje rekna med å bli sparka midt i eit år, seier frustrerte brukarar.
Dei åtte personane i gruppa til Skjervagen er sjølvsagt kjempeglade for at Nav har gjeve dei høve til å bli med på det unike helsetilbodet som for somme kan vere den siste sjansen dei har til å bli friske att og også kome seg ut i arbeid.
Me følte me hadde trygge plassar her og mange av oss har hatt kjempefine framgangar. Skjervagen har vore legen vår, me treng ikkje gå til andre legar lenger. Me har prøvd mykje før, så dette er kanskje siste instansen som kan hjelpe oss, seier fleire av brukarane.
Betaler ein månad
Dei spør seg om dette verkeleg er velferds-Noreg med nedskjeringa som brukarane no har fått servert midt i fleisen.
Faren er at me kjem tilbake i den vonde låma me var i før me byrja her. Kva vil Nav gjere med oss no? Truleg vil Nav heller betale sjukepengar for oss enn for helseplassar her.
For at brukarane ikkje skal bli råka så knallhardt etter kuttet frå Nav, har Telemark Lys vedteke at verksemda skal ta utgifta for dei åtte i gruppa fram til 15. september. Brukarane set stor pris på at behandlinga likevel ikkje blir brått avbroten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er fantastisk bra at Telemark Lys betaler ein månad framover, men det er ein skandale av Nav, avsluttar brukarane.
Mange ut att i jobb
Erik Skjervagen er arkitekten bak «Prosjekt betre helse». Hovudmålet er at sjukemelde og dei som har problem med å kome seg ut i arbeidslivet, skal få hjelp slik at dei er i stand til å jobbe att.
Til no har 22 brukarar delteke i og avslutta helsetilbodet. Over 70 prosent av dei er tilbake i del- eller heiltidsjobb.
Det er mange vellykka resultat og mange av brukarane kjem ut att i jobb. Og Nav har sendt verkeleg dårlege folk hit, fortel Erik Skjervagen.
Dei som vil og orkar å fylgje opplegget her, blir stort sett bra, legg han til.
Skjervagen serverer brukarane både akupunktur og qigong (øvingar med rolege og avspente rørsler, i tillegg til pust og tanke). Alle lærer qigong for å bruke denne kinesiske metoden til å behandle seg sjølv dagleg.
Eg gjev dei eit verktøy slik at dei kan halde seg friske. Mange har måtta lagt om kosthaldet. Dessutan er det fokus på livsstil. Ingen toler eit heseblesande tempo, så då må ein leggje om, fortel Skjervagen.
Helseprosjektet har blitt lagt merke til på landsplan og blitt vist på tv. Skjervagen har vore rundt og fortald om satsinga og drive opplæring. Fleire andre stader er det sett i gang liknande prosjekt som lyspunktet frå attføringsverksemda i Fyresdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kan vere i gang att etter nyttår
Christian Høy, assisterande fylkesdirektør i Nav Telemark, fortel til VTB at det er både rett og galt at pengemangel får skulda for kutt i helsesatsinga til Telemark Lys. Mellom anna har kjøp av helsetenester blitt lagt ut på anbod, og ein annan ekstern tilbydar skal no ta seg av tiltak som har med oppfylging å gjere. Vidare har det kome innskrenkingar på kor lenge ein brukar kan nytte eit tilbod.
Langt fleire treng bistand enn Nav kan klare. Me har spurd om å få fleire ressursar, seier Høy. Pengeetterspurnaden er førebels ikkje svara på frå staten.
Høy meiner elles det er viktig å få vidareført helsesatsinga til Telemark Lys.
Det er eit veldig viktig tiltak. Eg trur det kan vere i gang att etter nyttår, seier Høy.
Han oppmodar dei som blir råka av kuttet og må slutte i helsetilbodet til å ta kontakt med det lokale Nav-kontoret for å sjå om det finst andre løysingar.
Elles synest Høy det er bra at Telemark Lys sjølv går inn med midlar slik at helsetilbodet kan halde fram endå ein månad.
Eg beklager at nokon var i god tru om at dei skal få eit tilbod dei likevel ikkje får. Kassa var tom rett før ferien, og då måtte me bare sette sluttstrek, avsluttar Høy.