Hille Strandskogen Arkitekter / Nynorsk kultursentrum
Hille Strandskogen Arkitekter / Nynorsk kultursentrum

Ny runde med å finna dagleg leiar for Vinje-senteret

Nynorsk kultursentrum har bestemt seg for å få hjelp av eit rekrutteringsbyrå til å finna den personen som er best eigna til å vera dagleg leiar for Vinje-senteret. Det er klart etter at det melde seg for få søkjarar til den utlyste stillinga. 

– Då vi lyste ut stillinga, visste vi at dette ville bli ein krevjande tilsetjingsrunde. Vi hadde også samtalar med potensielle søkjarar som til slutt valde å ikkje søkja, og vi fekk for få søknader i denne runden. No vil vi difor bruka eit rekrutteringsbyrå for å finna den rette leiaren for Vinje-senteret, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum til Nynorsk pressekontor.

Vinje-senteret i Vinje kommune er tenkt som ei ny driftseining i Nynorsk kultursentrum på lik linje med Hauge-senteret i Ulvik og Aasen-tunet i Ørsta. Senteret skal bli eit dokumentasjonssenter for dikting og journalistikk, og bygget skal byggja vidare på det som tidlegare var Vinje skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då søknadsfristen for dagleg leiar gjekk ut 24. april hadde det meldt seg fire søkjarar. Grepstad seier at Nynorsk kultursentrum i tillegg var i kontakt med fleire andre som på papiret var opplagt gode kandidatar, men som ikkje valde å søkja i denne omgangen.

Vil finna den rette

– Kva person er de på jakt etter?

– Vi er på jakt etter det ultimate mennesket som har fagleg bakgrunn frå litteratur i vanleg forstand eller journalistikk, som kan leiing, som kan vera med å byggja opp denne typen institusjon og som har det vi i utlysingsteksten kalla «engasjert tolmod», seier Grepstad.

Han peikar på at det er krevjande å byggja opp ein ny kulturinstitusjon og at ein leiar for Vinje-senteret både må kunna arbeida åleine og på lag med resten av institusjonen.

– Det er ingen tvil om dette er ei utfordrande stilling, men for den rette personen blir det ei veldig kjekk oppgåve.

Framdrifta i rute

Grepstad strekar likevel under at det utvida arbeidet med å finna den rette leiaren for det nye senteret, ikkje får negative følgjer for framdrifta av sjølve senteret.

– Styret skal neste veke ta stilling til mandatet for ei utstillingsgruppe som skal arbeida med ein utstillingsplan. Planen skal vera ferdig om eit års tid, så der er vi heilt i rute. Vi ser også på moglegheitene for å tilsetja dokumentasjonsansvarleg og gjer det vi kan for å få på plass den første medarbeidaren, seier Grepstad.

Etter kvart er planen at Vinje-senteret skal få fire faste stillingar og eit par deltidstilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje kommune driv sjølve byggjeprosjektet, og ordførar Jon Rikar Kleven (Sp) sa nyleg til Telemark Tidend at målet er å leggja ned grunnsteinen til senteret i samband med 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje neste år. Hovudmarkeringa for jubileet er lagt til Vinje 6.–8. april, då det er 200 år sidan den kjende diktaren, journalisten og målmannen blei fødd.

– Vi ønskjer sjølvsagt at dette jubileet ikkje skal gå føre seg på ei byggjetomt, seier Grepstad.

Ordføraren i Vinje meiner likevel det er mest realistisk å tru at eit fullt publikumstilbod først er klart i 2019/2020.