Bygdekinoen i Nissedal, Tokke, Fyresdal, Seljord og Vinje viser fleire nye filmar i mai
Ein kan mellom anna få med seg Roald Dahl si elska historie Heksene, som har fått nytt liv i Robert Zemeckis sin visuelt innovative film. Eller ein kan sjå Generasjon Utøya, Godzilla vs. Kong for dei vaksne eller Flumlene og Ainbo – Amazonas Vokter for dei små.
Bygdekinoen viser desse filmane
Onsdag 26. mai i Nissedal: Roald Dahls Heksene og Godzilla vs. Kong
Torsdag 27. mai i Tokke: Flumlene og Godzilla vs. Kong
Fredag 28. mai i Fyresdal: Roald Dahls Heksene og Godzilla vs. Kong
Sundag 30. mai i Seljord: Ainbo – Amazonas Vokter, Roald Dahls Heksene og Godzilla vs. King
Måndag 31. mai i Vinje: Flumlene og Generasjon Utøya
Roald Dahls Heksene
Roald Dahl si elska historie Heksene, får nytt liv i Robert Zemeckis sin visuelt innovative film. Ei morosam og hjartevarm historie om ein ung foreldrelaus gut som i slutten av 1967 skal bu hjå den kjærlege bestemor si i den vesle byen Demopolis, Alabama. Når guten og bestemora hans møter ei glamorøs, men djevelsk heks, tek dei tilflukt på eit overdådig hotell. Dessverre kjem dei samtidig som Storheksa har samla alle «kollegaene» sine frå heile verda for å gjennomføre den fæle planen hennar. I filmen ser me Oscar-vinnande Anne Hathaway («Les Misérable», «Ocean's 8») og Octavia Spencer («The Help», «The Shape of Water»), Oscar-nominerte Stanley Tucci («The Hunger Games» -filmane, «The Lovely» «Bones»), Kristin Chenoweth (TV-en «Glee» og «BoJack Horseman») og den prislønte komedielegenda Chris Rock. Nykomar Jahzir Kadeem Bruno (TVs «Atlanta») saman med Codie-Lei Eastick («Holmes & Watson») er også med i rollelista.
Artikkelen held fram under annonsen.
Godzilla vs. Kong
Legender kolliderer i GODZILLA vs. KONG når desse to motstandarane møtast i ein spektakulær kamp der heile verda er på spel. Kong og beskyttaren hans legg ut på ei farleg reise for å finne den verkelege heimen sin. Dei har med seg Jia, eit ungt fosterbarn, på reisa. Kong har danna eit unikt og sterkt band med Jia. Men dei hamnar uventa i vegen for ein rasande Godzilla, som skapar øydelegging over heile verda. Den episke kollisjonen mellom dei to ikona - initiert av hemmelege krefter - er berre begynninga på eit mysterium som ligg djupt inne i jordas kjerne.
Ainbo – Amazonas vokter
Ainbo er ei glad og aktiv jente som vart fødd og vaks opp i ein landsby i den djupaste jungelen i Amazonas. Ein dag oppdagar ho at skogen - den dyrebare regnskogen - er truga av øydelegging frå grådige menneske som vil hogge han ned! Ved hjelp av beltedyret Dillo og tapiren Vaca, legg ho ut på ei reise for å søkje råd og hjelp frå den aller mektigaste i Amazonas - den gigantiske skjelpadda Motelo Mama. Rettleidd av Motelo Mama og med hjelp frå dei klønete venene Dillo & Vaca er Ainbo fast bestemt på å redde jungelen og folket sitt før det er for seint. Bli med på ei fantastisk reise med Ainbo og venene hennar i Amazonas!
Flumlene
Flumlene er søte og lodne små dyr som er forma som smultringar og bur på Galapagos. Ved ei fantastisk tilfelle reiser flummelsyskena Op og Ed 1835 til dagens Shanghai. Her ser dei for fyrste gong trafikk, får smaken på hurtigmat, møter høgteknologi og verst av alt - dei oppdagar at heile flummelarten er utrydda! No er det opp til det umake paret å redde seg sjølve og alle artsfrendane sine. For viss ein kan reise framover i tid bør ein vel kunne reise bakover også? Kven veit, kanskje dei til og med kan endre historias gang …
Generasjon utøya
Fire unge kvinner som overlevde Utøya, har valt å halde fram sitt sterke politiske engasjement. Dei nekta å la seg skyte til tausheit og representerer ein generasjon politikarar som tør å drøyme om og kjempe for ei betre framtid. Dei unge politikarane opplevde å bli dødeleg såra, eller dei såg venene sine og kjærast bli drepen. Felles for dei alle er at dei må tilarbeide det som skjedde, og har valt å jobbe aktivt vidare for det dei trur på. Dei kjempar vidare ikkje berre på vegner av seg sjølv, men på vegner av ein heil ungdomsgenerasjon, samtidig som dei gjev håp til eit heilt land og folk. Filmen vann Human-prisen i mars, og får si internasjonale premiere på HotDocs i Toronto, ein av verdas to største dokumentarfilmfestivalar, seint i april.