Må spare: Kviteseid kommune må spare pengar og vil innføre kaffi og te-trekk frå dei tilsette som kan spare kommunen for 100 000 kroner.

Kommunen må spare: Rådmannen føreslår å kutte i stillingar og leggje ned utval – og det kan bli slutt på gratis kaffi og te.

Den økonomiske stoda i Kviteseid er alvorleg, og kommunen må spare der dei kan. Torsdag skal formannskapet ta stilling til ei rekke sparetiltak for å få budsjett og økonomiplan i balanse innan utgangen av juni.

Kviteseid kommune har alt innført tilsetting- og innkjøpsstopp som fylgje av at kommunen tidlegare i år blei meldt inn i Robek.

Kommunestyret vedtok i desember 2020 eit driftsbudsjett for 2021 og ein økonomiplan for 2022-2024 med ei uspesifisert innsparing på nesten ni millionar kroner. Dette resulterte i at kommunen kom under Statsforvaltarens kontroll, og dei må nå vedta eit nytt budsjettvedtak i balanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

I framlegget til formannskapet torsdag kjem rådmannen med framlegg om å ta ut ei rekkje tiltak som har mindre konsekvensar for tenestetilbodet, den uspesifiserte innsparinga er tatt bort og all bruk og avsetnad til disposisjonsfond. Rådmannen har også tatt inn nye tiltak som han vurderer som realistisk å gjennomføre.

Utviklingsprosjekt på is

Rådmannen foreslår at vedtaket kommunestyret gjorde i desember om å sette av 1,4 millionar kroner (2021), 1,7 (2022), 2,0 (2023) og 1,9 (2024) til bruk og avsetnad frå disposisjonsfond, blir tatt ut. Det er framlegg om å ta bort rammekutt lagt på rådmannens ansvar og at ein også tar bort utviklingsprosjekt lagt til Brunkeberg barnehage på 200 000 kroner i 2021 og 200 000 i 2022.

Vidare er dei 50 000 kronene som ordføraren kan disponere kvart år i 2021 til 2024 tatt bort og det er også framlegg om å ta bort 100 000 kroner for tilrettelegging av eldrebustadar i Vrådal.

Nye tiltak

Rådmannen meiner ein kan redusere 14,085 prosent stilling ved kjøkkenet som vil gje ein reduksjon av kostnadane med 80 000 kroner i 2022, 2023 og 2024.

Det er framlegg om å redusere ei 15 prosent stilling ved kulturskulen frå hausten 2021 som kan spare kommunen for 35 000 kroner i 2021, og 83 000 kroner i 2022, 2023 og 2024. Det vil også vere ei redusert inntekt i kulturskulen med 12 000 kroner i 2021, og 30 000 kroner i 2022, 2023 og 2024, kan ein lese i saka.

Kutt i helse

Rådmannen meiner også ein kan spare 988 000 kroner i omsorgsløn i 2023 og det same i 2024, det er også lagt inn eit kutt i tenestetilbodet innan helse på 500 000 kroner i 2022, 2023 og 2024.

Ein kan redusere bemanning i barnehagen som fylgje av få barn og spare 248 000 kroner i 2021 og 347 000 kroner i 2022, ved Straumsnes kan ein spare 124 000 kroner i 2022, 298 000 i 2023 og 2024 ved å redusere bemanninga.

Det er framlegg om å redusere i 35 prosent og 24 prosent stilling ved eining for funksjonshemma som kan spare kommunen for 100 000 kroner i 2021, 500 000 kroner i 2022, 2023 og 2024.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan auke brukarbetalinga ved dagsenteret til sjølvkost som kan spare kommunen for 50 000 kroner i 2021 og 100 000 kroner i 2022 til 2024.

Vil leggje ned politisk utval

Rådmannen meiner også at kommunen kan spare 12 000 kroner i dei tre neste åra om dei seier opp medlemskapen i LNK (Landssamanslutning for nynorsk kommunar), og ein kan innføre kaffi og te-trekk frå dei tilsette på 100 000 kroner i året frå 2022 til 2024.

Andre kutt: Tilskotet til gapahuken i Ågapet i 2021 på 233 000 kroner, ein kan redusere årsverk i eining for samfunnsutvikling og teknisk drift med 550 000 kroner i 2022, 2023 og 2024. Ein auke bruken av næringsfond for å dekke løn med 41 000 kroner i 2021, 110 000 kroner i 2022, 2023 og 2024.

Rådmannen kjem også med framlegg om å legge ned Klima, miljø og oppvekstutvalet, som kan spare kommunen for 40 000 kroner i år og 100 000 kroner dei tre neste åra.

Nytt budsjett 2021 og økonomiplan for 2022 til 2024 med tiltaksplan skal opp til fyrste handsaming i formannskapet i Kviteseid torsdag. 10. juni skal formannskapet handsame saka på nytt før kommunestyret gjer endeleg vedtak 24. juni i år.