Malene Skonnord Lindberget og Peter Olsson har teke på seg å drive senteret på Hallbjønnsekken framover. Dei overtek etter Anne Lise Andersen.
Malene Skonnord Lindberget og Peter Olsson har teke på seg å drive senteret på Hallbjønnsekken framover. Dei overtek etter Anne Lise Andersen.

Vil halde på mattradisjonane

Malene Skonnord Lindberget og Peter Olsson er nye drivarar av kafeen og utleigedelen på Hallbjønnsekken på Skafsåheii. Dei er leigde inn av sentereigarane for eitt år i fyrste omgang.

– Anne Lise lærer oss opp, og ho er eit tålmodig menneske, smiler drivarparet, og siktar til Anne Lise Andersen, som har drive kafeen og utleigedelen dei siste åra, men som no gjev seg.

Malene er ganske kjent i området, medan Peter hadde sin fyrste nærkontakt med området i påska.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Far har hytte her, så eg har vore ein del her oppe, smiler Malene.

– Sist påske var eg med Malene på hytta, og eg blei imponert over det flotte terrenget og området, seier Peter.

Han har bakgrunn frå restaurant og reiseliv, og både han og Malene føler at dei er klare til å drive senteret vidare no.

– Anne Lise har gjort ein kjempejobb, og har skapt tradisjonar her. Dei tradisjonane ho har innført ynskjer me å føre vidare. Både når det gjeld mat og servering. Kanskje vil me etter kvart setje vårt eige preg på maten, men det er ingen grunn til store endringar så lenge kundane er så fornøgde som me har forstått dei er, seier paret.

Gode råvarer

Kafeen er ope i helgene og i alle feriar utover hausten og vinteren. Om sommaren er det ope heile veka. Anne Lise Andersen, som har drive senteret sidan desember 2013, innførte middagsbuffé på sundagane. Det kjem sambuarparet til å halde fram med. Og kanskje blir opningstidene i helga utvida.

– Dersom det er behov vil me sjølvsagt vurdere det. Målet vårt er å fange opp både lokale gjester, forbipasserande og hyttegjester. Me ynskjer alle velkomne, fortel Malene.

Dei er opptekne av gode råvarer, og veit at Telemark har mykje å by på i så måte.

– Me er imponerte over kva som er i ganske nær omkrins, så me ynskjer å bruke mange av dei lokale leverandørane på råvarer, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snart sjølvhjelpne

Paret står på eigne bein i helgene. I vekene elles er Anne Lise på plass for å hjelpe dei med alle rutinane ved utleige av leilegheitene og hyttene på senteret, i tillegg til kafédrifta.

– Eg reknar med at me snart er sjølvhjelpne, og at Anne Lise fortent nok kan pensjonere seg, smiler Malene.

Eitt år i fyrste omgang

Ho og Peter er i fyrste omgang hyra inn som daglege leiarar av senteret. Så vil dei bestemme seg om dei vil halde fram og i så fall drive for eiga rekning.

– Me er tilsett for eitt år. Me får bruke det året godt, og sjå korleis det går. I desse dagar er me i gang med å lage ein aktivitetsplan som skal gjelde utover hausten og vinteren. Det blir mykje spennande, og utan å røpe alle planane kan me nemne matarrangement, jolemesse og andre festlege tilstellingar, smiler dei lurt.

– Me har vore her tre veker no, og me har blitt tekne særs godt imot. Folk er hjelpsame og me er takknemlege for all støtte, avsluttar Malene og Peter.

Du kan lese meir om saka her.