Foreslår å leggje ned to legekontor
Om framlegget frå rådmannen går gjennom, blir doktarkontora på Rauland og i Edland lagt ned.
Saka om å samle legetenesta i Vinje til eitt kontor i Åmot står på sakskartet til oppvekst- og velferdsutvalet onsdag, etter at kommunestyret utsette saka då ho var oppe rett før jol.
Av sakspapira går det fram at drifta av dagens tri legekontor er svært sårbar, og at det stadig er problem med stengte legekontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei siste åra har kommunen i tillegg hatt problem med å rekruttere legar som vil jobbe åleine og som vil bli verande på eit enkeltkontor, skriv rådmannen.
Samhandlingsreforma
Den komande omstillinga av helsesektoren her til lands, den såkalla samhandlingsreforma, vil også setje nye krav til helsetenesta, går det fram av dokumenta. Mellom anna vil sjukeheimstilbodet også omfatte eldre som i dag kjem på sjukehus ein forsterka sjukeheim.
Denne endringa i helsesenteret vil nødvendigvis føre til behov for auka legeressursar, då dette dreier seg om medisinsk meir kompliserte pasientar. I snitt har ein sjukeheimsbebuar 4-5 aktive diagnosar med trong for oppfylgjing og behandling. Kring 70-80 prosent har mental svikt. Sjukeheimslegen har med andre ord ansvar for ei tung pasientgruppe, blir det slege fast.
Administrative oppgåver vil også auke, går det fram av utgeiinga.
Per i dag brukar kommunelegen 20 prosent av stillinga si til administrative arbeidsoppgåver. For å kunne sikre utvikling og oversyn over helsetilstanden i kommunen, må kommunelegen bruke meir tid til administrasjon.
Viktig å forstå norsk
Av ei brukarundersøking om legetenesta i Vinje går det fram at dei fleste ynskjer legar som blir verande i kommunen, og dei ynskjer legar som kan snakke og forstå norsk. At doktarkontoret ligg nær heimstaden betyr ikkje så mykje for nesten halvdelen av dei spurte. For 52,4 prosent er nærleik til heimstaden viktig. Men det er viktigare at kontoret er ope kvar dag (54,9 prosent). Det aller viktigaste i valet av fastlege er personlege eigenskapar hjå legen (65,9 prosent).
Rår til samlokalisering
Vel ein å drive med tri legekontor vil ein ikkje ha tid eller kapasitet til å drive utvikling på det nivået som samhandlingsreforma legg opp til, med blant anna forsterka sjukeheimsavdeling, vidareutvikling av friskliv og førebyggjande helseteneste, skriv sakshandsamar og rår til samlokalisering i Åmot.
I september skal kommunestyret skal ta stilling til saka.