Saman: Olav Gundersen og Kenneth Solås ser fram til samarbeid i Telemark Renovasjon.

Telemark Godslinjer og Gundersen Transport slår seg saman

Frå 1. juli blir dei to lokale aktørane innan transport og renovasjon til éin. Gundersen Transport og Telemark Godslinjer etablerer nysatsinga Telemark Renovasjon.

Olav Gundersen har drive med transport og containerar i meir enn 40 år, og kjende tida var inne for ei endring. Han er dagleg leiar og eigar av Gundersen Transport i Seljord, og er oppteken av livsverket blir drive vidare med lokale eigarar og arbeidsplassar.

– Eg er «halvpensjonist» og ingen er interessert i å overta, seier Gundersen med eit smil når han skal forklare bakgrunnen for at Telemark Godslinjer kjøper kundar og eigedelar i selskapet hans som har hatt ei omsetning på om lag 10 millionar kroner dei siste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han tok sjølv kontakt med Knut Gjersund i Telemark Godslinjer for å diskutere eit samarbeid. Gundersen vil ikkje seie for mykje om økonomien i handelen.

– Sikkert alt for lite ... seier han og ler.

Handelen gjev han mellom anna ein aksjepost i Telemark Bilruter-konsernet, som eig mellom anna Telemark Godslinjer.

20 bilar og 30 tilsette

Dei fem tilsette, inkludert Gundersen sjølv, blir med i Telemark Renovasjon. Handelen inkluderer 300 containerar og 120 faste kundar.

– Eg blir vel ein løpegut som bidreg der ein må, seier Gundersen om si nye rolle.

– Eg har vore i kontakt med 90 prosent av kundane. Dei skal ikkje merke noko til endringa utover ein annan logo på fakturaen, legg han til.

Varemerket Telemark Renovasjon blir ein totalleverandør av renovasjonstenester med spyle- og slambilar, containerutleige, renovasjonsbilar og sorteringsanlegg. Med vel 20 bilar og mest 30 tilsette skal selskapet gjera det enklare for kundane.

– Logistikken blir betre og me lovar konkurransedyktige prisar for både private og næringskundar, seier trafikkleiar Kenneth Solås i Telemark Godslinjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier Gundersen Transport gjennom 40 år har opparbeidd seg eit godt omdøme, som dei vil dra nytte av i satsinga.

Telemark Godslinjer er både miljøfyrtårn og ISO-sertifisert, og Telemark Renovasjon skal tilby kundane miljørekneskap for å vise at dei tek det grøne skiftet på alvor. Solås seier at 90 prosent av bilparken er Euro VI-godkjent for minst mogleg utslepp frå drivstoffet.

Samanslåing gjeld frå 1. juli.

Samarbeid: Frå 1. juli slår Olav Gundersen i Gundersen Transport og Kenneth Solås i Telemark Godslinjer seg saman til Telemark Renovasjon.

Døgnope avfallsmottak

Gjennom handelen blir også Telemark Godslinjer ny deleigar i Bø Miljøstasjon, eit døgnope avfallsmottak og sorteringsanlegg. På Noregs fyrste sjølvbetente miljøstasjon får kundane adgang til anlegget gjennom mobilen.

– Når som helst på døgnet låser du opp, veg bilen inn og ut av anlegget og sorterer med digital rettleiing som har stort fokus på miljø, gjenvinning og tryggleik, seier Arve Lia, dagleg leiar på miljøstasjonen.

Deleigar: Gjennom handelen blir også Telemark Godslinjer ny deleigar i Bø Miljøstasjon, eit døgnope avfallsmottak og sorteringsanlegg.