Avtala om det fyrste datasenteret er signert
Fyresdal har intensjon om å få på plass fleire datasenter i kommunen. Til hausten skal det fyrste datasenteret vere på plass på industriområdet Molandsmoen, noko ordføraren jublar for.
På vegner av Fyresdal kommune har ordførar Erik Skjervagen (Ap) signert ei avtale med Oslofjord Datasenter AS om å etablere datasenter i den minste kommunen i Vestfold og Telemark fylke.
– Dette blir supert og det fyrste datasenteret i Vest-Telemark, seier ein svært nøgd ordførar i Fyresdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Når er datasenteret i drift?
– Det er på plass i løpet av hausten, svarar Skjervagen.
– Kor mange arbeidsplassar blir det der?
– Det er for tidleg å seie.
Oslofjord Datasenter kjøper eit bygg av kommunen like ved Moland mekaniske på Molandsmoen, og der skal datasenteret vere.
Fyresdal har rett på inntil ti prosent av produsert kraft i kommunen. I starten av juni i år skreiv VTB at Fyresdal ikkje får nytte eiga kraft, fordi alt er bortbestilt til Grenland, og at det er ei utfordring med tanke på etablering av datasenter i kommunen.
– Det viktigaste på kort sikt med å få datasenteret på plass er å bruke opp eiga konsesjonskraft for å få meir pengar i kommunekassa. På lang sikt er arbeidsplassar det viktigaste, seier Skjervagen.
– Viss de får tilgang til eiga konsesjonskraft ...?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har nok eiga konsesjonskraft til at Oslofjord Datasenter kan kome til Fyresdal og starte drifta. Men dei ynskjer å utvide og har spurd kommunen om endå meir kraft. Det kan me ikkje gje dei per i dag, svarar ordføraren.
– Skal kommunen prøve å få fleire datasenter på plass i Fyresdal?
– Ja, me kjem tilbake med ein spennande plan om dette om ikkje så lenge. Det er veldig moro å jobbe med slike saker, svarar ordføraren.