Norsk Saneringsservice ved reparatør Kristian Skinnarland (t.v.), anleggsleiar Tor Olav Rykkelid og maskinførar Halvor Teigland har fått i oppdrag å fjerne mange av dei tunge maskinane som i si tid produserte delar i epoxy i lokalet som har husa ABB og Bergen Plastics Composite på Dalen.
Norsk Saneringsservice ved reparatør Kristian Skinnarland (t.v.), anleggsleiar Tor Olav Rykkelid og maskinførar Halvor Teigland har fått i oppdrag å fjerne mange av dei tunge maskinane som i si tid produserte delar i epoxy i lokalet som har husa ABB og Bergen Plastics Composite på Dalen.

Tonnevis med maskinar skal vekk

Norsk Saneringsservice har fått i oppdrag å fjerne dei fleste store maskinane frå produksjonshallen i det som tidlegare var ABB- og Bergen Plastics Composite sin fabrikk på Dalen.

– Oppdraget vårt er å fjerne fleire av maskinane som har blitt bruka i produksjonen av delar i epoxy – flytande plastmasse som blir hard ved oppvarming og herding. Det er snakk om mange og tunge maskinar. Truleg snakkar me om 150 til 200 tonn til saman, seier anleggsleiar Tor Olav Rykkelid.

Tidkrevjande jobb

Han fortel at dei aller fyrst må tappe maskinane for olje og kjemikalar. Så kan dei demontere monstera.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må demontere noko for å få dei ut av lokalet, men samstundes vil me helst ikkje demontere meir enn nødvendig. Det er greitt å transportere desse store maskinane så heile som råd, seier han.

Til kondemnering

– Kvar skal maskinane?

– Det har vel vore gjort forsøk på å selje maskinane, men marknaden er liten. Og i alle fall når det er snakk om maskinar som har nokre år på baken. Derfor blir dei sendt til Metallco i Oslo for fullstendig demontering og hogging, svarar Rykkelid.

– Kva er dei største utfordringane med ein jobb som dette?

– I dette tilfellet er det å gjere arbeidet så skånsamt som råd med tanke på golvet i lokalet. Det er tunge maskinar me skal flytte på og me må samstundes passe på å ikkje skade golvet. Me må også prøve oss litt fram med tanke på kor mykje me skal plukke maskinane frå kvarandre, seier han.

Kanskje ny aktivitet

Nokre maskinar skal stå att i lokalet, og etter det VTB kjenner til har det meldt seg ein interessent som vurderer å starte produksjon av komponentar i epoxy framover.

Rykkelid seier at dei reknar med å ha gjort ryddejobben i løpet av eit par-tre veker dersom alt går på skinner.

Det er på oppdrag frå Tokke Eigedom AS, eit aksjeselskap der Tokke kommune eig alle aksjane, at Norsk Saneringsservice gjer denne jobben.