Skulle opna for eitt år sidan
Butikkdrifta i Høydalsmo har vore utsett fleire gonger. No seier drivaren at dei opnar til hausten.
I februar i 2016 kom nyheita om at det skulle opne Jokerbutikk i dei gamle lokala til Oftebui i Høydalsmo. Den gongen blei det sagt at forretninga skulle opne til sommaren, men det blei utsett. I november same året meldte VTB at opninga av butikken nok ein gong blei utsett og skulle stå klar til påske 2017. Det blei det heller ikkje noko av.
– Det har vore forskjellige vegplanar og snakk om andre butikkar der oppe, så me har venta litt. Men no har me bestemt at me byrjar å gjera klar butikken på nyåret, sa Øystein Kristiansen, ein av butikk-drivarane i november.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter fleire meldingar frå bekymra lesarar om at Joker-skiltet no har blitt teke ned, og at dei ikkje trur det kjem til å bli butikk i Høydalsmo att, tok VTB nok ein gong kontakt med Kristiansen.
– Blir det butikk i Høydalsmo?
– Ja, det blir butikk, bekreftar Kristiansen og held fram:
– Me går i gang med å pusse opp butikken for fullt i desse dagar. Me har folk som jobbar i butikken no. Butikkskiltet har blitt teke ned fordi veggane skal beisast.
– Når opnar daglegvara i Høydalsmo?
– Eg vil ikkje sei nokon nøyaktig dato, men eg kan sei at det blir butikk i løpet av hausten. Det gler me oss til, seier Øystein Kristiansen.