Plagsam hane i nabolaget
Hanen må vera innestengt til klokka 10 på sundagar.
Ein klagar har fått medhald av kommunelege 1, Lars Håvard Eriksen, om støyplager i eit nabolag i Tokke kommune. Støykjelda er ein hane, som ein sundag i april gol i tre timar på morgonkvisten.
Opplysningane kjem fram i eit brev frå kommunelege 1 i Tokke kommune, Lars Håvard Eriksen, som har fatta vedtak i saka etter møte med klagar og haneeigar. I brevet kjem det fram at eigar husar både hane og høner i eit nabolag i Tokke kommune. Husdyra bidreg til både kos og nytte, ifølgje eigar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein sundag morgon i april blei hanen slept ut tidligare enn normalt, og ifølgje klagar gol den frå klokka 07 om morgonen og med ti sekundars mellomrom i til saman tre timar.
Kommunelegen gjev klagar medhald i at denne lydkjelda kan vere plagsam tidleg på morgonen, og har difor pålagt eigar å halde hanen innestengt mellom klokka 23 og 08 på kvardagar og frå klokka 23 til klokka 10 i helg og heilagdagar.