Fulltreff i debuten
Dyre Vaa er på plass att i sporet med ivrige skiskyttarar etter mange års pause. Laurdag debuterte tri frå klubben med sterke resultat då Fyresdal skiskyttarlag arrangerte sprintrenn på Veum.
I haust vart det vekt liv i den nye skiskyttarklubben til IL Dyre Vaa på Rauland, og interessa var det ikkje noko å setje fingeren på. Sidan i haust har mellom 25 og 30 ungar i alderen 9 til 15 år trena ein til to gonger i veka.
Nå trenar me ein kveld kvar veke, og det er kjempemoro, smiler tri raulendingar stornøgd etter renn-debuten på Veum i Fyresdal sundag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me var litt nervøse før rennet starta, og litt redde for å gjere noko feil på standplass, men det gjekk heldigvis bra, seier Sunniva Sørheim (9).
Ho og klubbvenene Halvor Eidissen (10) og Ingrid Loftsgarden (11) gjorde alt rett, og var godt nøgd med 9-, 9- og 10-treff på dei to skyteseriane.
Alle tri har god erfaring med ski på beina, og meiner at børsa gjer idretten ekstra morosam.
Lettare å vinne
Det er mykje meir moro å vere med på skiskyting enn vanleg langrenn, for her er det større sjanse for å vinne, smiler Ingrid og dei andre nikkar samde og forsikrar at det ikkje er siste rennet IL Dyre Vaa er representerte i skiskyttarsporet.
Klart me skal gå fleire renn, men me veit ikkje akkurat kvar og når, seier trioen før dei gjer seg klare for premieutdeling.
Soleklar siger
Heimefavoritten Bendik Aketun gjorde alt rett og gjekk inn til ein suveren siger i klassa gutar 16 år. Han var heile 3,5 minutt før nestemann i mål.
Neste renn på programmet for fyresdølen er Austlandsmeisterskapen i Fetsund komande helg, og fyrste helga i mars er det hovudlandsrennet på Beitostølen. Viser han gode resultat i dei komande renna også kan han kvalifisere seg til Young star-tevlinga som går parallelt med verdscuprenna i Trondheim 21. og 22. mars.
Vellukka renn
Trass i at ein del løparar hadde valt andre renn og at sjukdom sette nokon ut av spel, kunne arrangørklubben registrere 78 løparar på startstreken i Statkraft cup-rennet på Veum skistadion.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med flotte spor, sju kalde i lufta og ei stor sol på skyfri himmel hadde ikkje løparar, føresette eller publikummarar noko å utsetje på arrangementet.
Skulle det vere noko å klage på i dag, må det vere at det var tomt for vaflar nå, gliste ein pappa på veg ut av kioskkøen inne i det gamle skulebygget.