Vinden tok VTB
Så sat me der då. Kva anna kunne me?
Det skulle vera ein vanleg fredag. I Vest-Telemark blad betyr det å laga laurdagsavis for lesarar og lysrar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik blei det ikkje. Alt kvart over ni forsvann straumen. Er det noko VTB er avhengig av, er det straum. Når straumen er borte, stoppar produksjonen. Og kontakten til trykkeriet. Dermed sit me fanga i elektronikkfella.
Rundt oss rasar vinden bryt av grove grantre, riv dei opp med rot, blæs takplater av den gamle låven hjå næraste granne, prestegarden.
Vest-Telemark Kraftlag har alle karane ute langs linjene. Men, som dei melder; så fort dei har retta ein feil, er det ein ny ein annan stad. Me misunner dei ikkje
Det er inga katastrofe lik dei me høyrer om langt vekke i verda. Men med sorg må me melde at denne laurdagens VTB ikkje kjem ut.
Om det skulle vera ei ørlita trøyst: VTB har skrive eit nytt kapittel i historieboka si for fyrste gong i sitt 39 årgang lange liv kjem ikkje lokalavisa til tida.