Alf Kåre Gilje fekk litt av ein «gebursdagspresang» då han og Ruth kom heim att frå Syden.
Alf Kåre Gilje fekk litt av ein «gebursdagspresang» då han og Ruth kom heim att frå Syden.

Avgift steig 800 prosent

Ruth og Alf Kåre Gilje i Nissedal fekk sjokk då det kom melding om ein langt større auke i festeavgifta enn venta.

Utpå 1980-talet kjøpte Ruth og Alf Kåre Gilje eit hus i Kyrkjebygda i Nissedal. Tomta på 2,9 dekar tilhøyrde Opplysningsvesenets fond. Då dei nye eigarane overtok festekontrakten, oppjusterte grunneigaren den årlege avgifta frå 450 til 900 kroner.

Det ordinære reguleringsåret for festeavgifta er kvart 25. år. Ved nyttår fekk Gilje brev frå Statskog SF som opptrer på vegne av grunneigaren Opplysningsvesenets fond i saker som gjeld kontraktforhold kring tomta. Det blir opplyst at kontrakten som Gilje har, no gjev høve til å regulere festeavgifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Festeavgifta er regulert med utgangspunkt i eigedomens tomteverdi på reguleringstidspunktet, og ei avkasting i prosent av tomteverdien fram til neste ordinære regulering, skriv Kristen Langan i Statskog SF.

Bur ikkje i byen

Det blir lagt til grunn at tomteverdien for eigedomen i dag er 34 kroner per kvadratmeter. Det gjev ei ny årleg festeavgift på 7.149 kroner.

– Me fekk sjokk då me såg den store auken, det er jo 800 prosent! Me opna brevet akkurat i det me kom att frå Syden der me feira 70-årsdagen til Alf Kåre. Det var litt av ein presang som venta heime…, ristar Ruth på hovudet.

Ekteparet er samde om at dei har hatt billig festeavgift i fleire år, men konstaterer at slik blir det ikkje lenger.

Gilje var klar over at avgifta skulle stige på denne tida, men ikkje med 800 prosent.

– Hadde avgifta stige 100 prosent no som sist, ville det vere til å leve med. Her i byggjefeltet er det vel ikkje selt ei einaste tomt dei siste 30 åra, så me bur ikkje på ein attraktiv plass. Etter prisen me må betale no, føler me at me bur midt i ein by, seier ekteparet.

Kjøpe likevel?

Dei kunne fått kjøpt tomta i fjor for 107.000 kroner pluss tillegga med oppmåling og anna.

– På den tida tenkte me at festeavgifta aldri kom til å stige meir enn toppen 4.000 kroner, og då fann me ut at det ikkje lønte seg å kjøpe tomta, fortel Gilje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekteparet vil protestere på den kraftige auken.

– Men det nyttar nok ikkje. Me er bundne på hender og føter, dei kan gjere som dei vil. Staten er så glad i avgifter. Blir den høge avgifta ståande, må me tenkje på å kjøpe tomta, avsluttar Gilje.

Auka veldig siste 15 år

Kristen Langan i Statskog SF vil ikkje uttale seg om konkrete saker, men bare på generelt grunnlag. Han fortel at festeavgifter etter 25 år regulerast i forhold til kontrakt og festelov. Langan slår fast at dei siste 15 åra har prisen per kvadratmeter på eigedomar auka veldig.

Som ei samanlikning til ein stor prosentvis auke etter mange år, seier Langan det slik:

– Hadde du ikkje handla i butikken på 25 år, ville du reagert veldig på prisauken.

Elles meiner Langan at det blir meiningslaust i slike saker som nemnd å snakke om stor prosentvis auke, men at ein må sjå på summen i forhold til tida ein er inne i.

Fram til nyttår var Statskog SF konsulent for Opplysningsvesenets fond. No har eit advokatfirma overteke. Det er enno ikkje avgjort kven som skal handsame klager som kjem inn frå ekteparet Gilje i Nissedal og eventuelt andre også.