45 prosent av koronapositive var fødde i utlandet eller har utanlandske foreldre
Rundt 45 prosent av dei som har testa positivt på covid-19, var fødde i utlandet eller hadde utanlandsfødde foreldre, ifølgje tal Aftenposten har fått.
Det er Folkehelseinstituttet (FH) som har gitt avisa tilgang til ei oversikt frå starten av pandemien i februar i fjor til starten av juni i år.
Av 118.767 som testa positivt for covid-19 her i landet, var 53.615 fødde i utlandet eller hadde utanlandsfødde foreldre, grupper som utgjer rundt 20 prosent av befolkninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
For sjukehusinnlagde med covid-19 er tendensen liknande. 2.454 av 5.449 av dei var fødde i utlandet eller hadde utanlandsfødde foreldre.
Ifølgje FHI kan overrepresentasjonen i vesentleg grad ikkje forklarast med forskjellar i yrke, det å bu trongt, medisinske risikogrupper, utdanning eller hushaldsinntekt kvar for seg, men faktorane samla har ei viss betydning.
FHI trekkjer samtidig fram mellom anna språkbarrierar og lågare tillit til styresmaktene som moglege årsaker, i tillegg til reiser til utlandet.
(©NPK)