Redda kulturhuset frå ein større brann
Snarrådig innsats frå tri jenter redda Granvin kulturhus i Seljord frå ein større brann måndag kveld. Då jentene oppdaga brannen var det full fyr i ein trebutt som var plassert oppå badstuomnen i ein av garderobane. Om ikkje jentene hadde sprunge og varsla så raskt som dei gjorde, hadde det ikkje vart lenge før det hadde teke fyr i treverket inne i badstoga, seier dagleg leiar i Granvin kulturhus, Randi Nordskog.
Me kjente det lukta røyk. Så oppdaga me at det brann inne i badstoga. Då sprang me i ein dugeleg fart, eg trur aldri eg har sprunge så fort, seier Mari Helene Jensen Fjellstad (11).
For jentene gjorde akkurat det rette, sprang i veg for å varsle rette vedkomande. Og då tri jenter kom skliande og springande sokkelesten ut i foajéen og skreik ut «det brenn, det brenn», forstod vaktmeister ved Granvin kulturhus, Oddvar Øygarden, med ein gong at det var alvor. Han treiv med seg eit brannsløkkingsapparat, storma inn i badstoga og fekk has på elden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heldig do-tur
Måndag kveld var mellom seksti og sytti trimmarar i sving inne i idrettshallen. Midt i økta måtte Linda Jensen Fjellstad eit nødvendig ærend. Og, som vanleg er, gjekk ho ikkje åleine. Både systera Mari Helene Jensen Fjellstad og Susanne Gundersen blei med ut i garderoben.
Eg skulle flytte på nokre av kleda mine. Då kjende eg det lukta røyk av dei. Fyrst trudde eg det hekk røyklukt i etter at me hadde vore på tur ute og brent bål, fortel Mari Helene til VTB.
Så såg me gjennom glasdøra at det blinka inne i badstoga, og me skjøna at det brann, fortel Susanne. Då la jentene på sprang det fortaste dei vann for å varsle.
Kjempesnarrådige
Dagleg leiar ved Granvin kulturhus, Randi Nordskog, er imponert over handlemåten til jentene. Torsdag blei heltane påskjøna med diplom, to hundre kroner kvar og ein kinobillett for innsatsen sin.
Dei var kjempesnarrådige. Hadde dei ikkje handla som dei gjorde hadde det ikkje gått lang tid før det hadde teke full fyr. Dei har heilt klart vore med på å hindre stor skade, skrytte Nordskog.
Påskjøna av brannsjefen
Også brannsjefen i Seljord, Knut Dyrland, var full av lovord over innsatsen til jentene.
At dei ikkje opna døra til badstoga var veldig lurt. Ein brann utviklar seg fort. Det blir produsert brennbare gassar som tenner ved ein viss temperatur og utviklar til det som blir omtala som «ein eksplosjonsarta brann», forklara brannsjefen, som takka dei raske jentene med å overrekkje dei kvar sin brannvarslar.
Di tidlegare ein oppdagar ein brann, di lettare er han å ha med å gjera. Granvin har automatisk brannvarslingsanlegg som går direkte til alarmsentralen i Skien. I dette tilfellet blei ikkje brannalarmen utløyst før vaktmeisteren opna døra til badstoga og røyken valt ut. Dermed rakk ikkje alarmsentralen å varsle tilbake før etter at brannen var sløkt, fortalde Dyrland.