Tolv omkom i trafikken i juli
Tolv personar omkom i trafikkulykker i Noreg i juli. Dermed er juli den månaden hittil i år med flest omkomne i trafikken.
Det er òg ein auke frå juli i fjor, då ni personar mista livet i trafikken, viser tal frå Trygg Trafikk.
Så langt i år har 42 personar mista livet mot 55 personar i same periode i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi veit av erfaring at sommaren dessverre er den perioden kor flest mistar livet i trafikken, og dette har vi òg fått stadfesta i år med ei dyster oversikt over talet på omkomne i juli, seier seniorrådgivar Harald Heieraas i Trygg Trafikk i ei pressemelding.
Ni av dei omkomne i trafikken i juli var menn, medan tre var kvinner. Av desse var fire bilførarar, tre syklistar, to MC-førarar, ein fotgjengar, ein mopedist og ein traktorførar.
Juli vart òg månaden der Oslo fekk den første dødsulykka knytt til elsparkesykkel.
På MC går utviklinga i talet på omkomne no i ei meir positiv retning.
– Sjølv om vi har hatt ein auke i talet på drepne no i juli, har vi i år betydeleg færre drepne på MC enn dei siste åra. Så langt i år har fire personar mista livet på motorsykkel, mot 14 i same periode året før, seier Heieraas.
(©NPK)