Fotballstipend til 13-åring
Musikk, prestisje og stipendutdeling var stikkorda på fotballskulen onsdag.
Remi Nærbø opna ballet med ei musikalsk reise, som strakk seg frå barnesongar, via Plumbo og Hellbillies, til eit par engelske slagerar, alt framført på ei provisorisk scene rigga til i lasterommet til ein trailer.
Underhaldande fotballkamp
I tillegg til Nærbøs song vart det som blei eit prestisjetungt oppgjer mellom fotballskulens instruktørar og nokre utvalde elevar. Kampen var relativt jamn, men det var til slutt instruktørlaget som kunne juble for 2-1-siger. Trass i både mål, knallharde taklingar og tekniske finesser frå begge lag, klarte ingen å måle seg med underhaldninga dommar Nils Ettestad diska opp med. Etter å ha blitt etterlyst fleire gonger av speaker Toralf Grave, kom han etter kvart joggande ut på banen i ein fargesprakande, heimestrikka snikkerbukse, til publikums store begeistring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Godt fornøgd stipendmottakar
Sjølv om det ikkje var noko å utsette på songinnslaga eller fotballkampen, var kveldens høgdepunkt definitivt utdelinga av fotballskulens stipend, som kvart år vert delt ut til ein deltakar som har spela på krinslaget. I år var det 13-åringen Ingrid Vadder Sandland frå Høydalsmo fekk 3000 kroner av Sparebanken Sør. Prisvinnaren sjølv, som i grunngjevinga blei karakterisert som ein pådrivar og ein energisk spelar, var naturleg nok nøgd med å få stipendet, og har planane klare for karrieren vidare.
Eg synes det er veldig moro å få stipendet. Dei gjeng nok inn på bankkontoen i første omgang, men eg håpar eg kjem inn på toppidrettslinja i Skien når eg skal på vidaregåande, så då kjem dei nok godt med, smiler jenta som har 8 år bak seg som fotballskuledeltakar.
Fleire år kan det bli, for det unge talentet er full av lovvord om sommartreninga i Vrådal.
Eg likar meg veldig godt her, det er mange gode trenarar og eg har lært mykje, avsluttar 13-åringen.