Tolv personar omkom i drukningsulykker i juli
I feriemånaden juli mista tolv personar livet i drukningsulykker, viser drukningsstatistikken til Redningsselskapet.
Åtte av dei tolv drukningsdødsfalla i juli skjedde i samband med bading. To personar omkom frå fritidsbåtar, medan to personar drukna etter fall frå land. Alle dei 12 som omkom var vaksne.
– Medan det var relativt få drukningar dei to første vekene i juli, har det dessverre vore ei rekkje drukningsulykker relatert til bading i siste halvdel. Det har vore stor tilstrøyming til badeplassane i det gode fellesferievêret, seier Kim Bertheussen, direktør for frivilligheit og førebygging i Redningsselskapet.
Artikkelen held fram under annonsen.
(©NPK)