Kvinne og hund redda av helikopter

Politiet i Sør-Aust melde torsdag kveld at dei tilkalla redningshelikopter for å redde ei kvinne og hunden hennar ut frå området Hundstøyl i Tokke kommune.

Politiet hadde lokalisert kvinna i Lårdal-området torsdag ettermiddag etter at det blei starta leiteaksjon der mellom anna friviljuge frå Tokke røde kors deltok.

Då politiet kom i kontakt med kvinna kunne ho melde at ho hadde vanskeleg for å ta seg både opp og ned frå området Hundstøyl som ligg i bratt terreng om lag 700 meter over havet i Tokke kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinna hadde telefonkontakt med politiet heile tida, og var ikkje skadd. Eit redningshelikopter kom til området for å redde kvinna og hunden om lag klokka 22.30. Politihelikopter deltok også for å hjelpe til med å gje lys i området.

– Staden ho var er svært utilgjengeleg. Nå er kvinna og hunden frakta ned frå fjellet og er i god behald. Redningsaksjonen er avslutta, melde politiet i Sør-Aust på Twitter klokka 23.15.