Fastrentene i Lånekassen går opp

Lånekassen set opp fastrentene med tre og fem års bindingstid frå 1. september.

For fastrente med tre års bindingstid vil ho auke med 0,138 prosentpoeng til 1,933 prosent. For fastrente med fem års bindingstid vil ho auke med 0,108 prosentpoeng til 2,257 prosent.

Fastrenta med ti års bindingstid vil gå litt ned – med 0,059 prosentpoeng til 2,550 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den flytande renta som gjeld frå 1. septembe,r er på 1,342 prosent. Dette er den lågaste renta i Lånekassens historie, skriv dei i ei pressemelding.

(©NPK)