Ein tøffing: Remi Kleiv ser ikkje meir enn forskjell på natt og dag. Likevel er han ikkje sein med å sykle heilt sjølv. Bak skimtar me mamma Aina Mari.

I haust skal Remi sykle åleine til skulen

– Kvar er du, mamma? Er eg snart framme ved tujahekken no?

Remi Kleiv (10) er på full fart oppover vegen utanfor huset i Kviteseid på sykkel. Han viser fram det han har øva på det siste året. Ein sensor som er festa på garasjen oppe hjå naboen gjev frå seg lyd når han trykker på knappen han har rundt halsen, slik at han kan vite når han nærmar seg. Sykkelen har tre hjul, men det skulle berre mangle når guten ikkje kan sjå anna enn forskjellen på dag og natt.

Legane oversåg at blodåra til netthinnene til Remi stoppa å vekse rett etter fødselen. Etter kort tid kollapsa dei, og gjorde guten heilt blind.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han var veldig prematurt fødd, og dermed sårbar, seier mor, Aina Mari Kleiv. Heile livet hans har ho arbeidd for å legge til rette alt for sonen sin. Det har ikkje alltid vore like enkelt. Nokre ting har teke lang tid å få på plass – andre ting har vore umoglege å gjere noko med. Slik som til dømes sport.

– Remi hatar fotball. Eg trur det er fordi alle andre spelar det, medan han ikkje har høve, seier Aina Mari.

Nokre avgrensingar blir det automatisk når ein ikkje kan sjå, men Remi er ein aktiv gut som ikkje let seg skremme. Han har prøva det meste, alt frå stuping og vasski til klatring. Stupinga gjekk det visst så som så med, men Remi var ikkje redd.

– Han er ein livsglad og stridig gut som alltid skal klare alt alle andre klarar, og det same gjeld no for syklinga.

I fjor fekk Remi ein trehjulssykkel frå hjelpemiddelsentralen.

– Det er ikkje vanskeleg, seier han. Han hadde masa på mor i halvtanna år om å få lov til å sykle til skulen saman med venene sine.

– Han merka jo det, at så fort våren kom så henta alle andre fram syklane sine. Det ville han òg, så då fann me ut at me måtte prøve å få til det, seier Aina Mari.

Det er min jobb som mor å legge til rette slik at han får føle at han får prøvd det han vil og bestemme sjølv.

Ho var litt usikker på korleis Remi skulle klare seg på sykkelen, men etter ei stund gjekk det veldig bra. Han øver seg stadig på ruta bort til skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ikkje så nervøs for at han reiser åleine. Eg håpa så inderleg at han aldri skulle bli ein passiv gut som berre sat heime. Men det viste seg fort at det ikkje kom til å bli noko problem, smiler ho.

«Sånn er jeg, og sånn er det»

Remi er ikkje redd for nokon ting. Han ein aktiv og tøff 10-åring.

– Han strekker seg litt og litt lenger, og så prøvar han noko nytt. Difor er eg sikker på at han er trygg nok til å gjera det han vil. Det er min jobb som mor å legge til rette slik at han får føle at han får prøvd det han vil og bestemme sjølv.

Det siste året har Remi og sykkelen hans blitt følgd rundt av eit kamerateam, som lagar ein episode av programserien «Sånn er jeg, og sånn er det» på NRK Super. I serien møter sjåarane born som har ein ekstra utfordring å leve med. Når skulestart kjem på tysdag, kjem teamet tilbake for å gjera siste opptak. Då skal Remi sykle bort til Geitestien og parkere sykkelen der, for så å gå ned til skulen saman med alle dei andre borna.

– Alle gjer jo det, seier Aina Mari. Tilbake i bakken utanfor huset i Lauvstadvegen har Remi akkurat kome fram til toppen. Han er sliten, men gler seg til det som no skal skje. No skal han jo ned att! Aina Mari stiller seg i den skarpe svingen litt nedanfor han, og gjev han signal om at det er klart. Så fortel ho han når han må svinge.

– Her svingar du til venstre, så må du ta det litt saktare ned her, for her er det bratt, veit du. Så må du inn i tunet vårt der, sakte, seier kartlesaren med roleg stemme.

Nokre litt for skarpe svingar blir det, men ikkje eit einaste fall. Nede i tunet kjenner Remi seg fram. Han veit kor sykkelen skal parkerast, og at hjelmen skal henge på knaggen inne. Utanfor står mor att med stoltheit i blikket.

– Alle ungar dett og slår seg. Det er betre at det er slik, enn at dei sit heilt i ro og aldri har sår eller skitt på seg, seier ho.