Volleyball-vind i Seljord

Ikkje mindre enn fire lag mønstrar Seljord til volleyballserien komande vinter. Både jentene og gutane spela seg opp i 5. divisjon sist vinter – gutane vann avdelinga og jentene blei nr. 3. I tillegg stiller Seljord to rekrutteringslag i 6. divisjon. Interessa er aukande, og 5060 stiller til treningskveldane, fortel Harald Langesæter, volleyballtrenar i Seljord. – Volleyballsporten i Seljord har to målsettingar – det sosiale er det viktigaste. At alle skal vera velkomne og ha det triveleg saman med andre spelarar. Dernest sjølvsagt det sportslege. Målet i fyrste omgang er å stabilisere seg i 5. divisjon, og blir spelarane hjå oss tek me sikte på opprykk til 4. divisjon, seier Harald.

Les heile saka