Næringsutvikling i Tokke
Tokke Senterparti ynskjer ei offensiv satsing på utvikling av næringslivet i heile kommune. Arbeidsplassar er viktig for å oppretthalde og auke busetnaden.
Senterpartiet vil bidra til at det blir realisert ein næringshage på Dalen i samarbeid med Scana Marel. Ein næringshage vil og vera eit flott tilbod til fleire enkeltmannsforetak som kan få moderne og rimelege lokaler.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi ynskjer vidare å satse på utvikling av Høydalsmo. Det må etablerast ein stopplass langs E-134 mellom bensinstasjonen og Oftevatn. Her bør det vere informasjon om kommunen til vegfarandene og ei lita badestrand.
Det bør vidare satsast på utvikle næringsaktivitet langs E-134. Det bør blant anna leggast til rette for å bygge ein rimeleg overnattingsstad i nærleiken av kroa i Høydalsmo. Denne overnattingsstaden kan særleg huse mange av dei som brukar skianlegget i Høydalsmo.
På Skafsåheia/Hallbjønnsekken er det investert fleire hundre millionar kroner i private hytter. Senterpartiet meiner det er viktig å vidareutvikle dette området, noko som inneber sal eller utbygging av kommunens areal.
Jarand Felland,
ordførarkandidat for Tokke Sp