VTB-TV sender den politiske debatten frå Vinjedagen direkte
Ni stortingskandidatar stiller på laurdagens direktesendte debatt frå Vinje.
Fylgjande kandidatar stiller i debatten:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Arbeidarpartiet: Lene Vågslid (Tokke) – 2. kandidat
– Framstegspartiet: Bård Hoksrud (Bamble) – 1. kandidat
– Høgre: Mahmoud Farahmand (Porsgrunn) – 1. kandidat
– Kristeleg Folkeparti: Oddbjørn Nørstrud (Notodden) – 1. kandidat
– Miljøpartiet dei Grøne: Benedikte Nes (Tokke) – 1. kandidat
– Raudt: Tobias Drevland Lund (Kragerø) – 1. kandidat
– Senterpartiet: Åslaug Sem-Jacobsen (Notodden) – 1. kandidat
– Sosialistisk Venstreparti: Jørn Langeland (Tinn) – 1. kandidat
Artikkelen held fram under annonsen.
– Venstre: Carl-Erik Grimstad (Færder) – 1. kandidat
Debatten er klokka 15.00, laurdag 21. august, i Åmot sentrum. Sendinga vil starte litt før. Dersom ein har spørsmål til kandidatane, anten i plenum eller nokon spesielle parti, kan desse sendast til aslak@vtb.no innan laurdag klokka 10.00. Ei særskild oppmoding går ut til fyrstegongsveljarar om å sende inn spørsmål.
Ordstyrarar vil vera VTB-bladfykane Geir Ufs og Aslak Ringhus, medan Hans Inge Hagen vil styre det tekniske.