Meir synleg politi
Lensmann i Kviteseid Leif Theodor Moen meiner ein ekstra betjent gjev politiet høvet til å koma seg meir ut blant publikum. Mellom anna bør kvitseidingane førebu seg på fleire trafikkontrollar.
Lensmannskontoret i Kviteseid har i lengre tid hatt ledig ei stilling som politibetjent utan å få nokon tilsett i stillinga. Difor har ikkje politiet ved lensmannskontoret vore så mykje ute som dei gjerne ville. Det kjem no til å endre seg, og det vil bli meir å sjå av politiet langs vegane denne sommaren og hausten.
Det er lenge sidan me har vore fulltalige på kontoret. No har me endeleg fått tilsett ein ny betjent. Det fører til at me kan meir ut blant publikum. Me kjem til å ha eit auka fokus på trafikkontrollar, og vil i det høvet gje innbyggjarane ei førehandsmelding. Då kan ein vera klar over at det er særs viktig at køyretøyet ein nyttar er i god teknisk stand og at den enkelte følgjer trafikkreglane. Eit døme på det er mopedar med trimsett. Det er lurt å ta av, om ein vil sleppe førelegg på 3.200 kroner og ein mangellapp. Likeeins kjem me til å fokusere på bruk av hjelm og bilbelte. Det vil óg i samarbeid med UP bli farts- og promillekontrollar i sommar i heile Vest-Telemark regionen, seier lensmann i Kviteseid Leif Theodor Moen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil førebygge
Lensmannen understrekar at det ikkje er eit mål å få inn flest mogeleg bøter. Difor gjeng han ut med denne førehandsmeldinga no.
Me ligg ikkje i buskane for å få tatt flest mogeleg i kontroll, men me skal sørgje for at folk skal kunne ferdast på vegen på ein trygg måte. Me er mest fornøgde når me slepp å gje bøter. Om me klarar å førebygge ulykker, så har me lukkast, seier Leif Theodor Moen.
Stadig fokus på narkotika
Når det gjeld bruk og omsetning av narkotika, har politiet hatt eit jamt fokus heile tida, og mykje har blitt gjort, sjølv om ikkje ein alltid får høyre om det, fortel lensmannen.
Sjølv om publikum ikkje får høyre noko om eventuelle aksjonar eller pågripingar frå narkotikarelaterte saker, er det ikkje dermed sagt at ingenting blir gjort. Me tek personlege omsyn i slike saker, og gjeng ikkje alltid ut til media med opplysningar. Det gjer me for å hindre stigmatisering og ikkje henge ut enkeltpersonar. Me jobbar kontinuerleg med narkotikaproblematikken og er glad for tips frå publikum. Det er klart at òg på dette området vil tilførsel av ein betjent auke handlekrafta, seier Leif Theodor Moen.